Flensborg Fjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flensborg Fjord, sett mot Danmark

Flensborg Fjord (tysk Flensburger Förde) er Tysklands nordlegaste og Jyllands sørlegaste fjord. Slik dannar fjorden ein del av grensa mellom Tyskland og Danmark. Stavemåten Flensborg Fjord er dansk rettskriving.

Fjorden er 50 km lang. På den danske sida i nord ligg øya Als med byen Sønderborg. Mot vest ligg Broager, Egernsund, Gråsten, Rinkenæs og Kollund. Om ein kjem frå A 10, går vegen til fjorden over elva Kruså. Kort etter Kruså finst den såkalla Fjordvegen frå Kollund til Rinkenæs.

På den tyske sida finst ligg byen Flensburg (dansk Flensborg) og mot aust mellom anna Lyksborg, Holnis, Bockholmwik, Langballig, Westerholz, Steinbergkirche og Gelting.

Mellom seglsportsfolk frå båe sider av grensa vert Flensborg Fjord rekna mellom dei venaste segleområda i Austersjøen. Turistar tek gjerne båten mellom Flensborg og Sønderborg.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Flensborg Fjord

[endre] Kjelder

Koordinatar: 54°52′N 9°33′E

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk