Flesberg stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°51′46″N 9°25′59″E

Flesberg stavkyrkje
Flesberg stave church.jpg
Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Tunsberg
Prosti:  Kongsberg
Prestegjeld:  Flesberg
Fellesråd:  Flesberg
Sokn:  Flesberg
Innvigd:  Ukjend
Kyrkjegard:  Ved kyrkja
Arkitektur
Type:  Krosskyrkje
Teknikk:  Stavverk
Materiale:  Tre
Kyrkjerommet
Commons-logo.svg
Flesberg stavkyrkje på Commons

Flesberg stavkyrkje er ei stavkyrkje som ligg i Flesberg kommune i Numedal. Den eldste delen av kyrkja er rekna å vera frå siste del av 1100-talet eller fyrste del av 1200-talet. Opphavleg var dette ei kyrkje med rektangulært kyrkjeskip og fire friståande indre stavar som bar eit forhøgd midtparti, omgjeve av ei omgang. I aust hadde kyrkja eit smalare kor og ein apsis, og kring det heile gjekk ei svalgang. I skriftlege kjelder finn ein dei første referansane til kyrkja i 1359.

Etter ei utviding og ombygging i 1735 vart kyrkja ei krosskyrkje. Skipet var forlenga og to tverrskip vart tilbygde i lafteverk. Av den opphavlege stavkyrkja finst berre tre av ytterveggane i skipet, ettersom både koret, austveggen og den indre stolpereisinga vart rivne då kyrkja vart utvida.

I samanlikning med dei andre stavkyrkjene i dalen er kyrkja naturleg nok sparsamt dekorert innvendig, av di så mange av dei opphavlege delane frå mellomalderen er borte. Vestportalen er av ein velkjend type med to vangeplankar med utskorne drakar og ranker, og med halvsøyler inn mot opninga. Men dei vart skamhogde då kyrkja vart utvida.

[endre] Kjelder

[endre] Bakgrunnsstoff

Spire Denne kyrkjeartikkelen som har med Buskerud å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk