Flevoland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Provincie Flevoland
Provinsen Flevoland
Våpenet til Provincie Flevoland
Flagg Våpen
Plasseringa til Provincie Flevoland
Hovudstad Lelystad
Største by Almere
Dronninga sin kommissær Leen Verbeek (PvdA)
Religion (1999) protestantisk 25%
romersk-katolsk 13%
Areal
 • Land
 • Vatn
 
1 419 km² (11.)
993 km²
Folketal (2006)
 • Totalt
 • Folketettleik

370 656 (12.)
261/km² (8.)
Hymne «Waar wij steden doen verrijzen...»
Offisiell nettstad www.flevoland.nl

Flevoland er ein provins i Nederland. Han ligg midt i landet ved den tidlegare Zuiderzee. Provinsen vart oppretta 1. januar 1986 som den tolvte provinsen i landet og med Lelystad som administrasjonssete. Provinsen har om lag 370 000 innbyggjarar og består av seks kommunar.

Etter ein storflaum i 1916 vart det avgjort av Zuiderzee, ei bukt i Nederland, skulle lukkast og drenerast. Zuiderseeprosjektet vart sett i verk og i 1932 stod Afsluitdijk ferdig og bukta vart fullstendig lukka frå sjøen. Zuiderzee vart då kalla IJsselmeer.

Den første delen av den nye innsjøen som vart drenert og tørrlagt var Noordoostpolder. Dette nye landområdet inkluderte dei tidlegare øyane Urk og Schokland og vart ein del av provinsen Overijssel. Etter dette vart andre delar tørrlagt. Den søraustlege delen i stod ferdig i 1957 og den sørvestlege delen i 1968. Kommunane i desse nye områda stemde for å verte ein eigen provins, noko som skjedde i 1986.

Flevoland vart kalla opp etter Lacus Flevo som i følgje romerske kjelder var ein stor innlandssjø i sørenden Zuiderzee, som oppstod seinare. Under dreneringa av Flevoland-polderane fann ein mange flyvrak frå den andre verdskrigen.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

  1. Almere
  2. Dronten
  3. Lelystad
  4. Noordoostpolder
  5. Urk
  6. Zeewolde

Kjelder[endre | endre wikiteksten]