Flikfuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flikfuglar


Salflikfugl, Philesturnus carunculatusFoto: Duncan Wright
Salflikfugl, Philesturnus carunculatus
Foto: Duncan Wright

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Callaeidae
Artar

Flikfuglar er ein liten biologisk familie av sporvefuglar, Callaeidae, òg namngjeve Callaeatidae. Familien er endemisk til New Zealand. Det finst berre to nolevande artar i familien, ein tredje art døydde ut tidleg på 1900-talet. Begge nolevande artar, gråflikfugl og salflikfugl, er trua artar, trugsmåla kjem først og fremst frå introduserte artar av pattedyr som rotter, mårdyr og klatrepungdyr.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Svartflikfugl, Heteralocha acutirostris, utdøydd ca. 1910

Dei to overlevande artane er 26-38 cm i lengd og lever bakkenært av insekt i tett skog. Dei har sterke bein og fjørlause hudfliker bak nebbet. Vengene er avrunda og uvanleg svake, noko som gjev dei mykje avgrensa flygeeigenskapar. Flikfuglar er monogame og forsvarer faste territorium.[1] Svartflikfugl eller huja, Heteralocha acutirostris, var ein noko større art på Nordøya, i svart fjørdrakt med oransje hudfliker. Arten er rekna som utdøydd frå ca. år 1910.[2]

Denne fuglegruppa kan vere restar av ein tidleg ekspansjon av sporvefuglar til New Zealand. Dei har ingen nærskylte unntatt stitsjhonningetar, meir fjerne relasjonar er framleis ukjente.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lindsey, Terence (1991). Forshaw, Joseph. ed. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. ss. 225. ISBN 1-85391-186-0. 
  2. «Huja». Store norske leksikon. http://www.snl.no/huja. Henta 20. november 2010. 
  3. Ewen, John G.; Ian Flux, Per G.P. Ericson (2006-01-23). «Systematic affnities of two enigmatic New Zealand passerines of high conservation priority, the hihi or stitchbird Notiomystis cincta and the kokako Callaeas cinerea». Molecular Phylogenetics and Evolution 40 (2006): 281-284. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]