Flint
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flint er ein hard bergart med glassaktig utsjånad og med sedimentert opphav. Flint er samensatt av kvarts og kalsedon. Flint har ofte eit kalklag på yttersida. Den fins som knollar eller lag i krittavleiringar, og flinten kan vere svart, grå, gulaktig eller raudbrun av farge, med ein lysare overflate. Flint fins ikkje opphaveleg i Noreg, men fins enkeltvis langs kysten der den har komen med drivis sørifrå under istidene. Flint fins i hovudsak i lag frå juratida og i den øvre krittida.
[endre] Danning
Korleis flint dannast er ikkje heilt avklart. Ein trur at flint oppstår som eit resultat av kjemiske forandringar i samanpressa sedimentære steinformasjonar gjennom ein diageneseringsprosses.
[endre] Bruk i steinaldaren
Flint var det mest brukte materialet til å lage reiskaper av, til dømes knivar og økser. Tilhogginga til desse reiskapene kalles knapping eller knakking.
Fyrtøy frå steinaldaren vara laga av ein flintstein, svovelkis som lagar gnister og noko lett brennbart, til dømes knusk.
[endre] Bruk i dag
I dag speler flintstein ein mindre viktig rolle. Flint brukes i nokre typar asfalt for å forbedre asfaltens reflekterande verknad. Fint malt flintstein nyttast som slipemiddel.
Frå det 16. århundre til det 19. århundre vart flintstein brukt i fyrtøy. Flinten slo mot eit slagjern som gav gnister som tente lett brennbart pulver. Flint vart brukt i flintbørser heilt opp i 1700-talet.