Flodmaurfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flodmaurfugl

Status i verda: LC Livskraftig


Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Thamnophilidae
Slekt: Myrmochanes
Art: M. hemileucus
Vitskapleg namn
Myrmochanes hemileucus
Sclater & Salvin, 1866

Flodmaurfugl, Myrmochanes hemileucus, er ein liten maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Myrmochanes.

Dette er ein liten, ca. 11,5 cm lang, maurfugl med generelt kvit underside og svart overside. Overgumpen er grå, dekkfjørene har små kvite flekker og hannfuglen har ein skjult kvit ryggflekk som blir synleg når han er skremt eller opphissa. Dei føretrekk lågvaksen skog under 300 moh., arten har habitat i subtropiske eller tropiske våte låglandsskogar og våte buskskogar med utbreiingsområdet innanfor landa Bolivia, Brasil, Colombia, Ecuador og Peru.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]