Florø barneskole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Florø barneskole i 2016

Florø barneskole, fram til 1980-åra kjend som Flora folkeskole, er ein barneskule i Florø sentrum i Kinn kommune i Sunnfjord. Skulen var med sine 507 elevar (skuleåret 2007/2008) den største barneskulen i dåverande Sogn og Fjordane fylke. Den opphavlege skulebygningen brann i 1918, og etter fleire år i ymse innleigde lokale vart den noverande bygningen teken i bruk i 1934. Skulen vart påbygd i 1950-åra til den forma han har i dag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]