Flora kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flora kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Adm.senter Florø
Areal 692 km²
 - land 647 km²
 - vatn 45 km²
Målform nynorsk
Ordførar Ola Teigen (Ap)
Kommunenr. 1401
Kart
Flora kommune
61°36′00″N 5°02′00″E / 61.6°N 5.0333333333333°E / 61.6; 5.0333333333333
Wikimedia Commons: Flora, Norway
Nettstad: www.flora.kommune.no

Flora er ein tidlegare norsk bykommune i Sogn og Fjordane fylke. Han omfatta fleire øyar, halvøyar og fjordar som Eikefjorden og Norddalsfjorden. 1. januar 2020 vart han slegen saman med Vågsøy til Kinn kommune.

Florø, som var administrasjonssenter i kommunen, er òg den vestlegaste byen i Noreg. «Havet sitt sølv», silda, var lenge hovudnæringa for Flora og Florø, og ein finn igjen fisken i kommunevåpenet.

Kommunen har eit aktivt og variert kulturliv med kulturskule og musikk-, kor- og revymiljø. Kinnaspelet vert framført kvart år på sagaøya Kinn. Sildebord og rockefestival er andre trivelege aktivitetar å få med seg. I tillegg har Flora idrettshall, symjehall, fotballbanar, løkker og eit mylder av idretts- og fritidsorganisasjonar.

Helleristingane i Ausevika og Kystmuseet i Sogn og Fjordane gjev eit historisk perspektiv. Flora er fleire gonger kåra til den trivelegaste bykommunen i landet, og fekk utdelt Miljøbyprisen i 1998.

Næringslivet i kommunen er eksportretta, og hovudnæringane er fiskeindustri, skipsbygging, forsyningsbase for oljeindustrien og servicenæring. Innbyggjarane i kommunen skapar verdiar som ligg fleire gonger over landsgjennomsnittet.

Flyplassen Florø lufthamn ligg i kommunen.

Høge fjell[endre | endre wikiteksten]

Bygder[endre | endre wikiteksten]

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Flora var den største kommunen i Sogn og Fjordane etter folketal frå kommunesamanslåinga i 1964 og fram til 2007, då Førde kommune vart større.

Folketalsutvikling for noverande Flora kommune frå 1920:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3][4][5][6] 1.1.1961[3][4][5][6] 1.1.1971[3] 1.1.1981[3] 1.1.1991[3] 1.1.2001[3] 1.1.2010[3]
6277a 6361a 6759a 7070a 7654a 8118 9138 10 064 11 298 11 586
a Talet omfattar den delen av gamle Bru kommune som låg sør for Førdefjorden, som ved kommunesamanslåinga i 1964 vart del av Askvoll kommune. Dette området hadde då 92 innbyggjarar. Talet omfattar ikkje Steindal krins, som var ein del av gamle Vevring kommune før han vart del av Flora kommune i 1964. Denne krinsen hadde då 25 innbyggjarar. Talet omfattar heller ikkje området rundt Husefest og Breivik, som var ein del av Bremanger kommune før det vart del av Flora kommune i 1964. Dette området hadde då ni innbyggjarar.

Kjende personar frå Flora[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Folkemengd i Flora 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  4. 4,0 4,1 Folkemengd i Eikefjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Bru 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  6. 6,0 6,1 Folkemengd i Kinn 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå