Florence Grove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elbrus i Kakausus, høgste fjellet i Europa
Forsida på boka The Frosty Caucasus

Florence Crauford Grove (18381902) var ein engelsk fjellklatrar og forfattar.

Grove vart ein erfaren fjellklivar sist i 1850-åra. Han vart medlem av Alpine Club kort etter foreininga vart skipa i 1857, seinare var han formann frå 1884 til 1886.[1] Han var ein av dei beste britiske klatrarane i samtida, og vert hugsa for i 1870-åra å vere imot klatrng utan førar. Åra 1863-64 var han den fyrste på tre av stortoppane i Alpane, og ti år seinare leia han ekspedisjonen som vart den fyrste på toppen av det høgste fjellet i Europa; Elbrus.

Fyrstebestigingar[endre | endre wikiteksten]

  • Dent d'Hérens - 12. august 1863, saman med Reginald S. Macdonald, Montagu Woodmass, William Edward Hall og fjellførarane Melchior Anderegg og Peter Perren
  • Parrotspitze - 16. august 1863, saman med Reginald S. Macdonald, Montagu Woodmass, William Edward Hall, Melchior Anderegg og Peter Perren
  • Zinalrothorn - 22. august 1864, saman med Leslie Stephen og fjellførarane Jakob Anderegg og Melchior Anderegg
  • Vesttoppen av Elbrus - 1874, saman med Frederick Gardner, Horace Walker, Peter Knubel og fjellføraren Ahiya Sottajev. [2]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. A. L. Mumm, The Alpine Club Register (London, 3 vols, 1923–28)
  2. Florence Crauford Grove, The Frosty Caucasus (London, Longmans, Green & Co, 1875)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Florence Grove