Flores i Asorane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flores
Fyret på Ponta do Albernaz
Fyret på Ponta do Albernaz
Geografi
Flores-pos.png
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 39°28′N 31°13′WKoordinatar: 39°28′N 31°13′W
Øygruppe Asorane
Areal 143 km²
Høgaste punkt Morro Alto (914 moh.)
Administrasjon
Land Portugal
Autonom region Asorane
Største busetnad Santa Cruz das Flores (2500 innb.)
Demografi
Folketal 3907 (2003)
Folketettleik 27 /km²

Flores er ei øy i Asorane, den portugisiske øygruppa i Atlanterhavet. Ho har eit areal på 143 km² og like under 4000 innbyggjarar.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Flores er delt inn i to kommunar (concelho), Santa Cruz das Flores i nord med 1820 innbyggjarar og Lajes das Flores i sør. Økonomien på øya er hovudsakleg basert på jordbruk med vamsrot og korn som dei viktigaste. Sidan dei første innbyggjarane kom frå Nord-Portugal liknar husa og gatene dei ein finn der. Portugal har ein militær avtale med Frankrike som gjev franskmennene løyve til å ha ein base i regionen. Øya har òg ein flyplass.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Lagoa Comprida
Fajãzinha

Flores ligg, som naboøya Corvo, på den amerikanske kontinentalplata. Fajã Grande er den vestlegaste landsbyen i heile Europa.

Flores høyrer til den vestlegaste gruppa i Asorane. Om sommaren er øya dekt med tusenvis av hortensia som har store blå eller rosa blomar. Desse blomane er opphavet til namnet på øya, som tyder blomar på portugisisk.

Ponta Delgada

Øya har djupe dalar og høge toppar. Morro Alto er den høgaste fjelltoppen på øya med ei høgd på 914 meter over havet. Sete Pés, Burrinha og Marcel er andre toppar på øya. Ho har fleire inaktive vulkanar. Caldeira Funda das Lajes hadde sist utbrot 1200 f.Kr. og Caldeira Comprida i 950 f.kr.. Nokre av desse vulkanane har kalderaer (eller caldeiras på portugisisk) der vatn har danna innsjøar. Dei er sju av desse innsjøane på øya. Águas Quentes er små varmekjelder med kokande svovelhaldig vatn.

Gruta de Enxaréus er ei stor grotte med ei lengd på om lag 50 meter og ei breidd på 25 meter.

Mikroklimaet i skogsparken Fazenda de Santa Cruz gjer at det er vokse fram mange og varierte eksotiske artar frå heile verda.

I kommunen Lajes das Flores ligg Fajãzinha ved sjøen, ein typisk azorisk landsby med ruinar av ei gammal vassmølle. Her finn ein òg fossen Ribeira Grande, som det finst om lag 20 stykk av. Dei fell frå høgder opp til 300 meter, nokre av dei direkte ut i Atlanterhavet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Flores vart oppdaga i 1450 av Diogo de Teive og sonen hans João de Teive. Dei første namna på øya var São Tomás (Thomas Becket av Canterbury, ikkje apostelen Thomas. Øya vart først busett av den flamske nybyggjaren og adelsmannen Willem van der Haegen (Guilherme da Silveira), etter at han møtte Dona Maria Vilhena, som styrte øya for sonen hennar Rui de Teles. Vilhena og Van der Haegen skreiv ein avtale og Haegen flytta til øya mellom 1480 og 1490. Van der Haegen kom til Asorane i 1469 og budde ei stund på øy a Faial. Seinare reiste han til Terceira og budde der nokre år før han reiste tilbake til Flores. Han reiste seinare frå Flores igjen fordi ho var for isolert og ikkje låg langs nokre skipsruter til resten av Europa. Øya var heller ikkje særleg frodig og ganske vindfull. På denne tida var namnet på øya Corvo. Øya vart permanent busett under regjeringstida til kong Manuel I av Portugal i 1510 av folk frå forskjellige område i fastlands-Portugal, men hovudsakleg frå dei nordlege provinsane. Øya vart gjort dyrkbar og det vart dyrka korn og grønsaker. Dei neste hundreåra levde innbyggjarane i isolerte delar av øya og handelsfartøy frå øyane Faial og Terceira kom stundom for å byte kvalolje, smør og honning med andre produkt. Trass i isolasjon vart øya stundom plyndra av sjørøvarar.

På midten av 1800-talet jakta amerikanske kvalfangarar spermkval i farvatnet rundt Asorane og mange av innbyggjarane på øyane vart rekruttert som kvalfangarar. Eit av dei mest kjende amerikanske kvalskipa var «Wanderer» som jakta utanfor kysten av Flores mellom 1878 og 1924.

I juli 1962 valde den franske regjeringa å opprette eit testsenter for rakettvåpen i Landes, nær Biscarrosse. CEL (Landes testsenter) fekk løyve til å teste taktiske missilar, taktiske atomvåpen (300 km rekkevidd) og strategiske missilar (3000 km rekkevidd). I det siste tilfellet vart nedslaget til stridshovudet lokalisert nær Asorane med sporingsinstallasjonar på Flores (sett opp i oktober 1966). Dei neste åra vart det bygd sjukehus, ein kraftstasjon og ein flyplass på øya, og dette gav øya ein økonomisk oppsving. Etter at franskmennene forlét øya i 1994 har turisme vore den viktigaste næringa på øya.

Folk[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]