Florida haldeplass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Florida


Stasjonsområde
Stad Marineholmen i Bergenhus i Bergen
Distanse 1,61 km frå Byparken
Opna 22. juni 2010
Arkitekt CUBUS
Plattformer 2
Linjer og rutedrift
Linje(r) Bybanen
Operatør(ar) På vegne av Skyss:
Fjord1 Partner (2010-2014)
Keolis Norge (2014-i dag)
Rute(r) Byparken-Lagunen
Overgang
Kart
Florida stasjon

Florida er ein haldeplass på linje 1 på Bybanen. Haldeplassen ligg på Marineholmen i Bergenhus i Bergen like nord for Nygårdsbroen, og opna 22. juni 2010. Høyteknologisenteret, vitensenteret VilVite, Nygårdsparken, St. Paul skole, tidlegare Florida sjukehus, og eigedomen som Geofysisk Institutt ved Universitetet i Bergen ligg på, der òg namnet Florida kjem frå, ligg i nærleiken av haldeplassen. Det er på same eigedom den offisielle vêrstasjonen og målepunktet for Bergen ligg.

Bergenhus bydelsstyre ville fyrst gje haldeplassen namnet Strømmen eller Marineholmen, men det vart seinare endra til Florida etter at Venstre fekk einstemmig fleirtal på eit møte i Bergenhus bydelsstyre i desember 2008.[1][2][3] Hausten 2010 ville Svein Anders Dahl på VilVite-senteret at haldeplassen skulle endra namn til VilVite, men forslaget fekk sterk kritikk, og namnet vart ikkje endra.[3][4][5]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Døper Bybane-stoppene». Bergens Tidende. 23. mai 2008. Henta 5. januar 2015. 
  2. «Dette skal bybanestoppene hete». NRK. 4. desember 2008. Henta 5. januar 2015. 
  3. 3,0 3,1 «Slakter navneforslag for bybanestopp». Bergensavisen. 20. oktober 2010. Henta 5. januar 2015. 
  4. «Vil ha nytt navn på Bybane-stopp». Bergens Tidende. 19. oktober 2010. Henta 5. januar 2015. 
  5. «– Skift navn på bybanestoppet!». Bergensavisen. 20. oktober 2010. Henta 5. januar 2015.