Flórina

Koordinatar: 40°47′N 21°24′E / 40.783°N 21.400°E / 40.783; 21.400
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Florina)
Flórina
Lokalt namn Φλώρινα

Utsyn mot Flórina
Geografi
Stad Makedonía
Koordinatar 40°47′N 21°24′E / 40.783°N 21.400°E / 40.783; 21.400
Areal 827,6 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Vest-Makedonía
Flórina
Hovudsete Flórina (17 686 innb.)
Demografi
Folketal 32 881 (2011[1]

26,7)

Flórina (gresk Φλώρινα) er ein by og ein kommune i periferieininga med same namn, der han er hovudstad, i Vest-Makedonía i Hellas. Sjølve byen har om lag 18 000 innbyggjarar, og ligg like sør for grensa til nabolandet Nord-Makedonia. Prespasjøen ligg vest for byen.

Flórina vart grunnlagd i tida under Austromarriket og vart erobra av Det osmanske riket1300-talet og først i 1912 etter den første balkankrigen vart han igjen ein del av Hellas. Byen vart derimot okkupert av Bulgaria under den andre balkankrigen og under den første og den andre verdskrigen.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegare kommunen Flórina, no kommunaleininga Flórina

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 32 881 innbyggjarar, medan kommunaleininga Flórina hadde 19 985 og tettstaden med same namn 17 686 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Flórina Flórina 17 686
Melíti Melíti 1 432
Ammokhóri Pérasma 1 250
Armenokhóri Flórina 986
Sitariá Melíti 718
Vévi Melíti 663
Pappajánnis Melíti 581
Skopiá Flórina 563
Itéa Melíti 542
Neokhoráki Melíti 485

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]