Flotta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Flotta i Shetlandsøyane.
Flotta
Geografi
Flotta is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°50′ N 3°7′ WKoordinatar: 58°50′ N 3°7′ W
Øygruppe Orknøyane

Areal 8,76 km²

Høgaste punkt West Hill (58 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane

Demografi
Folketal 81 (2001)
Folketettleik 9,2 /km²

Flotta er ei lita øy i Orknøyane i Skottland i Scapa Flow. Øya er kjend for den store oljeterminalen som finst her og ho har ferjesamband til HoutonMainland og Lyness og LonghopeHoy.

Ved starten av 1900-talet var øya eit roleg, landleg samfunn som dei andre øyane i Orknøyane, men sidan ho ligg så verna til vart det gjort tre store omveltingar på øya.

Satellittbilete av Flotta, forma som bokstaven 'c'
Whome på Flotta

Under den første verdskrigen låg det ein marinebase på øya. Slagetskipet HMS «Vanguard» forliste i nærleiken av øya i 1917, noko som visstnok var den verste maritime katastrofen i britisk farvatn. Under den andre verdskrigen vart øya igjen nytta som marinebase.

I 1974 starta Occidental Petroleum bygginga av oljeterminalen på øya. Dette vart den nest største britiske oljeterminalen ved Nordsjøen etter Sullom VoeShetland. Her går røyrsystema frå Piper og Claymore-felta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]