Fluge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Fluge

Calliphora augur
Calliphora augur

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Underklasse: Pterogyta
Infraklasse: Neoptera
Orden: Diptera
Underorden: Brachycera
Vitskapleg namn
Brachycera
Brystet, frå sida hos ei høgare fluge.
Brystet, frå sida hos ei høgare fluge.
Ryggsida hos ei høgare fluge.
Ryggsida hos ei høgare fluge.

Fluger (Brachycera), er ei delgruppe av tovengene. Den andre delgruppa er mygg. Tovenger har berre eitt par vinger, det bakerste vingeparet manglar, og er erstatta av to svingkøller. Fluger har generelt breiare, kraftigare kropp enn mygg.

Det er 81 familiar i Noreg, med omtrent 3 000 artar.

[endre] Utsjånad

Flugene har ei kroppslengd frå 2 mm til ca. 60 mm. Kroppen består av tre kroppsavsnitt, hovudet, bakkroppen og brystpartiet.

Fargane varierer frå svart til lyst gul. Brungule nyansar er vanleg. Men nokre er metallisk farga, ein farge som oppstår ved lysbrytning.

Kroppen kan ha fleire stive børstar (seta), og nokre artar er delvis hårkledde.

[endre] Bakkroppen

Dei fleste fluger har mellom fire og sju ledd i bakkroppen. Forplantningsorgana finst i eller delvis utanfor dei siste ledda. Hos hoene er dei innvendig i kroppen, medan dei hos hannen kan vera store og lett synlege.

[endre] Brystpartiet

Brystpartiet består av tre segment ein kallar prescutum, scutum og scutellum. På utsida av kroppen har ho hudplater, eit ytre skjelett, som heldt kroppen sammen, på same måte som rustninga til ein soldat. Det er ikkje alltid like lett å sjå desse platene, sidan overgongane ofte kan vera dårleg synlege. Dei har namn etter plasseringa si på kroppen.
Prescutum er lengst fram, like bak hodet. Her finst hudplatene humeral callus, meso pleuron og det første beinparet (1. coxa). Vengene er òg plasserte her, på sida av kroppen.
Scutum er ryggsida på det midtste bryststykket. Her finn ein hudplatene ptero pleuron, sterno pleuron og festet for det midtste beinparet (2. coxa). Her finn ein òg svingkølla, rett bak venga.
Scutellum er det bakarste brystsegmentet, eit trekanta bakoverretta stykke. Her finn me hudplatene mesoscutellum, postscutellum og hypo pleuron. Det bakarste beinparet er dessutan festa her.
Børster på brystpartiet. Desse børsterekkjene har namn, og er viktige når ein stadfestar artar. Namnet på børstene er ofte det same som det latinske navnet på den delen av kroppen (hudplaten) børstene er fest til. Oppe på ryggsiden kan det vera langsgåande rekkjer med børster. Den midtste rekkja heiter akrosticale børster, utanfor der dorsocentrale børster. Langs kanten finst det mindre grupper med børster, framfor nokre posthumerale børster, bakover, presuturale børster, notoplurale børster, alar børster og på scuttellumet finnes ofte scutellare børster. left|thumb|Insektbein

Vengjene er festa til det fremste brystsegmentet. Flugene høyrer til tovengjene og har berre to vengjer i motsetnad til dei fleste andre insekt, som har to par. På det midtste er det to svingkøller der andre insekt normalt har bakvengjene sine. Desse svingkøllene fungerar som balanseorgan under flyginga.

Vengjene kan vera gjennomskinlege, klåre eller røykfarga, ha flekkar og mønster. Nokre artar har fine hår på vengjeoverflata. Bak vengjefestet, i «armhola», sit det hjå somme artar vengjeskjel ein kallar thoracalsquama.

Denne artikkelen er ikkje (ferdig) omsett frå bokmål enno.

Hjelp oss gjerne med å gjera omsetjinga ferdig!

Commons har multimedia som gjeld: Fluge
Personlege verktøy