Fluks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
FluksenF gjennom eit flateelement dS er illustrert på venstresida av figuren.

Fluks er i konkret tyding nemning på ein straum av lys, væske, partiklar, energi og anna gjennom ei flate. I abstrakt tyding blir fluks brukt for å angje styrken av eit vektorfelt.

Nemninga vart innført i fysikken av Michael Faraday for å skildre magnetfelt, men blir no brukt ved alle vektorfelt, som elektriske felt, hastigheitsfelt ved straumar i gassar og væsker osv. Slike vektorfelt kan skildrast ved feltlinjer som overalt har same retning som vektoren som feltet skildrar. Styrken av feltet, det vil sei storleiken av vektoren, er angjeve ved tettleiken av feltlinjer. Fluksen gjennom ei flate er lik den totale mengda feltlinjer gjennom flata, og flukstettleiken på ein stad er lik fluksen dividert på arealet av flata.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Fluks. (2011, 14. oktober). I Store norske leksikon. Henta 7. november 2013 frå http://snl.no/fluks.