Flumendosa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flumendosa
Utspring Monte Armidda (Gennargentu-massivet)
- Høgd 1 270 moh
Munning Tyrrenhavet nær Muravera og Villaputzu
Land i nedslagsfelt Italia
Lengd 127 km
Nedslagsfelt 1 775 km²

Flumendosa er ei elv sør på Sardinia i Italia. Ho har ei lengd på 127 km og er den nest lengste elva på øya etter Tirso.

Flumendosa har sitt utspring i Gennargentu-massivet ved foten av Monte Armidda og munnar ut i Tyrrenhavet nær byane Muravera og Villaputzu. Ho har eit nedslagsfelt på 1 775 km². Før det vart bygd to store reservoar langs elva hadde ho ei middelvassføring på 22 m³/s.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]