Fluminense Football Club

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fluminense)

Fluminense Football Club er ein idrettsklubb frå Rio de Janeiro i Brasil, stifta 21. juli 1902 . Klubba blei opphavleg stifta som ein rein fotballklubb, og det er fotballaget som klubben er klart mest kjend for. Klubben har eit rivalforhold til Flamengo, og derbya mot denne klubba er blant dei mest berykta i Brasil.

Maracanã - Fluminense

Fluminense speler for tida i brasiliansk Série A, som den har vunne ein gong (1984). Elles er 30 Rio-delstatsmeisterskaptitlar det viktigaste på merittlista til klubben. Kallenamnet til klubben Tricolor kjem av dei tre fargane på draktene til laget, vinraud, grøn og kvit. Også laget sin tilhengjarane ber dette namnet. Den eigentlege heimebana til klubben heiter Laranjeiras, og er det eldste fotballstadionet i Brasil (bygt 1905 ). Kapasiteten er etter kvart blitt redusert til 8 000, og av denne grunnen blir no heimekampane spelte på Maracanã. Klubben planlegg bygging av ein ny heimearena. Rivelino, Gerson , Romário og Branco er blant dei mest kjende spelarane som har spelt for klubba.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]