Fluor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
9 OksygenFluorNeon


F

Cl
Fluor i periodesystemet
Generelle eigenskapar
Namn, kjemisk symbol,
atomnummer
Fluor, F, 9
Kjemisk serie Halogen
Gruppe, periode, blokk 17, 2, p
Tettleik, hardleik 1,696 kg/m3, n.a. (ikkje SI)
Utsjånad Svakt grøngul
Fluor
Atomeigenskapar
Atommasse 18,9984 u (ikkje SI)
Atomradius (berekna) 50 (42) pm
Kovalent radius 71 pm
Ioneradius 133 pm (ladning: −1)
van der Waals radius 147 pm
Elektronkonfigurasjon [He]2s^2 2p^5
Elektron per energinivå 2, 7
Oksidasjonstrinn (oksid) −1 (sterk syre)
Krystallstruktur Kubisk
Fysiske eigenskapar
Tilstandsform Gass
Smeltepunkt 53,53 K (−219,62°C)
Kokepunkt 85,03 K (−188,12°C)
Molart volum 11 200 cm3/mol
Fordampingsvarme 3,2698 kJ/mol
Smeltevarme 0,2552 kJ/mol
Damptrykk 100 Pa ved 50 K
Ljodfart (?) m/s ved °C
Diverse eigenskapar
Elektronegativitet 3,98 (Paulings skala)
Spesifikk varmekapasitet 824 J/(kg·K)
Elektrisk konduktivitet (?) MS/m
Termisk konduktivitet 0,0279 W/(m·K)
Ioniseringspotensial   1 687 kJ/mol
  3 381 kJ/mol
  6 057 kJ/mol
  8 414 kJ/mol
 11 029 kJ/mol
 15 171 kJ/mol
 17 874 kJ/mol
 92 047 kJ/mol
106 443 kJ/mol
Mest stabile isotopar
Iso-
top
Naturleg
førekomst
Halverings-
tid
 (ikkje SI)
NM NE MeV
(ikkje SI)
NP
18F (kunstig) 109,7 min. β+ 0,633 18O
19F 100% (stabil)
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerka

Fluor er eit grunnstoff med kjemisk symbol F og atomnummer 9. Fluor er eit halogen, saman med klor, brom, jod og astat, og er plassert i gruppe 17 i periodesystemet.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Fluor er ein gulaktig gass som er svært giftig, og kontakt med stoffet skadar hud og slimhinner.

Alle halogena er svært reaktive. Fluor er det mest elektronegative grunnstoffet og det mest reaktive av halogena, og kan jamvel danna kjemiske sambindingar med somme edelgassar.

Sambindingar av hydrokarbon med fluor, der fluor erstattar eit eller fleire hydrogenatom i sambindingane, er mindre reaktive enn dei tilsvarande brannfarlege hydrokarbona.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Flussyre (HF) er ei sterk syre som er blant dei få syrene som kan etsa glas. Flussyre blir brukt til etsing av glas og polert stein.

I små mengder er fluor i form av fluoridsalt bra for tennene fordi det gjer emaljen hardare. Difor vert det tilsett i tannkrem som natriumfluorid (NaF) og natriummonofluorofosfat (Na_2PO_3F).

Ei rekkje klorfluorkarbon (KFK) og klorfluorhydrokarbon (KFHK) har vore mykje brukte som drivgassar i sprayboksar, kjølegassar i kjøleskap, fryseboksar og luftkjøleanlegg, og som inerte gassar i brannslukking. Bruken av særleg KFK-gassar har blitt sterkt redusert etter at det vart kjent at dei bidreg til drivhuseffekten og nedbryting av ozonlaget.

Den kunstige, radioaktive isotopen fluor-18 (18F) er ei positronkjelde og blir brukt i medisinsk PET-skanning. Fluor-18 blir laga ved nøytronbombardement av vanleg vatn plassert rundt ein atomreaktor. Nøytron frå reaktoren omdannar oksygen i vatnet til fluor, som så kan nyttast i framstilling av PET-middel. Halveringstida til fluor-18 er knappe 2 timar (110 minutt), og brukstida for PET-midla er såleis avgrensa til nokre få timar etter produksjon.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]