Fluoritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fluoritt
3192M-fluorite1.jpg
Mørkegrøn isolert fluorittkrystall som syner kubiske og åttesidige sider. Få Erongofjellet i Namibia (storleik: 50 mm x 27 mm, krystall storleik: 19 mm brei, 30 g)
Generelt
Kategori Halidmineral
Kjemisk formel CaF2
Strunz-klassifisering 03.AB.25
Krystallsymmetri Isometrisk H–M Symbol 4/m 3 2/m
Einingscelle a = 5.4626 Å; Z=4
Identifikasjon
Farge fargelaus, kvit, lilla, blå, grøn, gul, oransje, raud, rosa, brun, blåsvart; vanlegvis i soner; kan vere alle fargar i spektrumet
Krystallform Opptrer som velforma, grove krystallar, òg kuleforma, botryoidal, sjeldan skiveforma eller trådaktig; korna, massive
Krystallsystem Isometrisk, cF12, Romgruppe Fm3m, nr. 225
Tvilling Vanleg på {111}, gjennomtrengande, flattrykt
Kløyv Åttesidig, perfekt på {111}, deling på {011}
Brot Undermuslig til ujamn
Fastleik Sprø
Mohs hardleiksskala 4 (definerande mineral)
Glans glasaktig
Strekfarge Kvit
Transparens Gjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt 3.175–3.184; til 3.56 om han har sjeldne jordmetall
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskapar Isotrop; svak anisotropi
Brytingsindeks 1.433–1.448
Smeltbarheit 3
Andre eigenskapar stundom fosforescens når oppvarma eller skrapt. Andre varietetar fluorescerer
Kjelder [1][2][3]

Fluoritt er eit mineral som kan ha alle moglege fargar, men som oftast er fiolett. Det er særs vanleg, særleg på gangar og sprekker i granittar og kontaktsonene deira. Mineralet krystalliserer kubisk. Kjemisk sett er det eit kalsiumfluorid, CaF2. I mange tilfelle viser mineralet fluorescens, som vil sei at det sender ut lys av ulik fare når det vert utsett for ultrafiolett lys. Ein kan òg finne fosforescens, slik at lysutsendinga fortset i kortare eller lengre tid etter at strålinga har enda. I tillegg kan einskilde fluorittar syne termoluminescens, som vil sei at dei sender ut lys ved svak oppvarming.

Mineralet har stor økonomisk tyding, og har namnet sitt frå nytta i metallurgiske smelter som eit flussmiddel. Forutan i smelteindustrien vert det nytta i emalje- og glasindustrien til framstilling av kjemikalier (flussyre). Feilfrie krystall blir brukt til optiske føremål.

Det har tidlegare vore drift på fluoritt fleire stader i Noreg, særleg kring Kongsberg og Telemark

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Raade, Gunnar. (2012, 31. oktober). Fluoritt. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/fluoritt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fluoritt
  1. Anthony, John W.; Bideaux, Richard A.; Bladh, Kenneth W. and Nichols, Monte C., ed. «Fluorite» (PDF). Handbook of Mineralogi. III (Halides, Hydroksids, Oxides). Chantilly, VA, US: Mineralogical Society of America. ISBN 0962209724. 
  2. Fluorite. Webmineral.com
  3. Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis, 1985, Manual of Mineralogi, s. 324–325, 20th ed., ISBN 0-471-80580-7