Fly from Here

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fly from Here
Studioalbum av Yes
Utgjeve 22. juni 2011[1][2]
Innspelt oktober 2010 – februar 2011 I SARM West Coast Studios i Los Angeles[1]
Sjanger Progressiv rock
Lengd 47:28
Selskap Frontiers Records (Europe, U.S.)[3]
Avalon (Japan)
Produsent Trevor Horn[2]
Kritikk
Yes-kronologi
Magnification
(2001)
Fly from Here

Fly from Here er eit studioalbum frå det britiske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 2011. Albumet er det første reine studioalbumet til bandet sidan Magnification frå 2001. Dette er òg det første albumet til bandet med vokalisten Benoît David. Klaverspelaren Geoff Downes medverkar for første gongen sidan albumet Drama frå 1980. Produsent er Trevor Horn, som var vokalist på albumet Drama, og produsent på albumet 90125 frå 1983. Det er òg utgjeve ein spesialutgåve med ein bonus-DVD som inneheld ein dokumentarfilm om innspelinga av albumet.

Albumet kom på 30. plass på UK Albums Chart i Storbritannia, 36. plass på Billboard 200 i USA og på 24. plass på VG-lista topp 40 i Noreg.[10]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tittelsporet på albumet, «Fly from Here», er ein komposisjon som varar i 23 minutt og 49 sekund. Han består av tre hovudtema, og er delt opp i seks seksjonar med eigne spornummer som blir saman bunde av instrumentale mellomspel. Komposisjonen er hovudsakleg basert på låten «We Can Fly from Here», som vart skrive med tanke på albumet Drama, men som vart utelate. Ein konsertversjon av «We Can Fly from Here» vart utgjeve på samlealbumet The Word Is Live i 2005. Etter at Downes og Horn forlét Yes i 1981, spelte dei inn ein demoversjon som The Buggles. Denne versjonen var meint for albumet Adventures in Modern Recording, men vart nok ein gong utelate. Denne demoversjonen var med som bonusspor på nyutgjevinga av Adventures in Modern Recording.

Låta «Life on a Film Set» er basert på The Buggles-demoen «Riding a Tide», som òg vart utgjeve som bonusspor på nyutgjevinga av Adventures in Modern Recording. Dei andre songane er nye komposisjonar.

Plateomslaget er designa av Roger Dean, som har stått bak ei rekkje av plateomslaga til Yes. Omslaget er frå eit måleri Dean starta å måle ein gong på 1970-talet. Måleriet vart fullført først i 2011 då banda ynskjet å nytte det til dette albumet.

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Fly from Here - Overture»   Trevor Horn, Geoff Downes 1:53
2. «Fly from Here - Part I - We Can Fly»   Horn, Downes, Chris Squire 6:00
3. «Fly from Here - Part II - Sad Night at the Airfield»   Horn, Downes 6:41
4. «Fly from Here - Part III - Madman at the Screens»   Horn, Downes 5:16
5. «Fly from Here - Part IV - Bumpy Ride»   Steve Howe 2:15
6. «Fly from Here - Part V - We Can Fly" (Reprise)»   Horn, Downes, Squire 1:44
7. «The Man You Always Wanted Me to Be»   Squire, Gerard Johnson, Simon Sessler 5:07
8. «Life on a Film Set»   Horn, Downes 5:01
9. «Hour of Need»   Howe 3:07
10. «Solitaire»   Howe 3:30
11. «Into the Storm»   Squire, Oliver Wakeman, Howe, Horn, Benoît David, Alan White 6:54
12. «Hour of Need" (Full-length version)»   Howe 6:45

Bonus-DVD – Spesialutgave[endre | endre wikiteksten]

  • «The Making of Fly from Here Documentary» – 18:29

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Oliver Wakeman – keyboard på «We Can Fly», «We Can Fly (reprise)» og «Hour of Need»
  • Trevor Horn – korvokal, keyboard
  • Luís Jardim – perkusjon
  • Gerard Johnson – piano på «The Man You Always Wanted Me to Be»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Where are they now? - Yes». Bondegezou.co.uk. http://www.bondegezou.co.uk/wnyesm.htm#newmusic. Henta 17. juli 2012. 
  2. 2,0 2,1 Tatangelo, Wade (2011-03-10). «Yes' Squire on band's first album in a decade». Bradenton Herald. 
  3. «Frontiers Records: Fly from Here». Frontiers Records. http://www.frontiers.it/album/4894/. Henta 17. juli 2012. 
  4. Gage, Simon (2011-07-01). «Yes: Fly From Here (Frontiers)». Daily Express. 
  5. Robin, Smith (2011-07-01). «Yes - Fly from Here». Sputnikmusic. http://www.sputnikmusic.com/review/44306/Yes-Fly-From-Here/. Henta 17. juli 2012. 
  6. Reed, Ryan (2011-07-11). «Yes-Fly from here». Pastemagazine. http://www.pastemagazine.com/articles/2011/07/yes-fly-from-here.html. Henta 17. juli 2012. 
  7. Simpson, Dave (2011-07-14). «Yes: Fly From Here – review». The Guardian. 
  8. Chiu, David (2011-07-15). «Yes: Fly From Here – review». Blurt Magazine. http://blurt-online.com/reviews/view/3188/. Henta 17. juli 2012. 
  9. Eder, Bruce. «Fly From Here -Yes». All Music Guide. http://www.allmusic.com/album/fly-from-here-r2220322/review. Henta 17. juli 2012. 
  10. VG-lista – Yes