Flygeøgle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flygeøgle


Pterodactylus
Ein fossil av flygeøgla Pterodactylus

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Reptilia
Underklasse: Diapsida
Infraklasse: Archosauromorpha
Orden: Pterosauria
Vitskapleg namn
Pterosauria

Flygeøgler (Pterosauria) eller pterosaurar (frå gresk πτεροδάκτυλος, «finger med venger») var ei gruppe flygande krypdyr som levde i Mesozoikum frå 228 til 65 millionar år sidan. Dei var dei første virveldyra som utvikla evna til aktiv flukt (før både fuglar og flaggermus), men heile 150 millionar år etter at insekta lærte det same.

Flygeøgler vert ofte nemnd i samband med dinosaurane, men vert ikkje rekna til desse på grunn av trekk i oppbygginga av okleknoklane. Dei hadde likevel ein del fellestrekk; begge gruppene levde på om lag same tid og omfatta til dels særs store dyr.

Flygeøglefossil er relativt sjeldne, sidan dei skjøre knoklane deira hadde vanskeleg med å fossilisera seg. Ein har likevel funne fleire eksemplar frå drygt 60 ulike slekter på alle kontinent unnateke Antarktis.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Flygeøgler fylde ei rekkje økologiske nisjar og varierte svært mykje i utsjånad; særleg når det kom til storleik. Dei minste pterodaktylfossila me har funne har vore på storleik med små fuglar, medan dei største har hatt vengespenn på opp til 10 meter.

Som fuglane er det i dag, var flygeøglene sin anatomi prega av tilpassingar til eit flygande levesett. Knoklane deira var hole, og den fjerde fingerknokkelen var ekstremt forlenga og tente som feste for vengemembranane. Frå skuldrene til handleddet hadde dei ein unik knokkel for å stiva opp armen og som feste for ein annan membran. I tillegg hadde dyra eit utprega brystbein som likna det ein finn hjå fuglar; ein slags «kjøl» som sat på brystet og fungerte som festepunkt for flygemusklane.

Me veit ikkje om flygeøglene var varm- eller kaldblodige. Fossil av arten Sordes pilosus tyder på at i det minste nokre artar av flygeøgler hadde utvikla hår på hovudet og kroppen, noko som kan tyda på at den førstnemnde hypotesen stemmer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Unwin, David M: The Pterosaurs from deep time Pipress 2006