Flyndrelogg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Flyndrelogg, eller handlogg, er ein eldre reiskap til å måle fart på fartøy. Med ei loggline finn ein kor langt fartøyet går på ei viss tid. I enden på logglina er ei sektorforma treplate, om lag 8 tommar høg. Ho har påfesta blyknotttar, som gjer at ho står vertikalt i vatnet. Då vert ho ikkje så lett meddregen under logginga. Logglina har ein oppkveila i ein balje eller på ein rull. Når flyndra vert sleppt overbord held ein av mannskapet rullen over hovudet slik at lina kan renne ut fritt. Eit timeglas har vorte brukt til å finne rett tid for målinga.

På logglina er det knutar. Utgangspunktet for avstanden mellom knutane er 1/128 av ei nautisk mil,(1852 meter, 9500 fot). Det vert 46 fot,(14,5 meter). Timeglaset som vert brukt er kalibrert på 28 sekund (1/128 time). Talet på knutar som har gått ut på denne tida gir fartøyet si fart i knop. Fartseininga knop kjem av denne måten å måle fart på. I praksis syner det seg at loggflyndra til ei viss grad vert slept med fartøyet. Difor har avstanden mellom knutane vorte forkorta til 42 fot(7 famner, 13,2 meter). På fartøy som gjer meir enn 8 knop fart har ein brukt eit timeglas på 14 sekund.

Loggflyndra er festa til logglina med ein treparta hanefot. Når ho skal halast inn att i fartøyet, kan ein av partane løysast ut med eit rykk i logglina. Flyndra legg seg då horisontalt, og er lett å hale inn.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Jens Kusk Jensen:Haandbog i praktisk sømandsskab.1924,1982.