Flypostavisen Nytt fra Norge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Flypostavisen Nytt fra Norge var ei vekeavis retta mot nordmenn i utlandet. Sidan ho ikkje kom ut like hyppig som andre aviser, gav ho eit resymé av siste hendingar. Utgjevar var eit selskap der mellom anna Utanriksdepartementet var aksjonær.

Avisa kom ut med eit prøvenummer i juni 1954. Fyrste ordinære utgåve kom 12. januar 1955 med Odd Hjorth-Sørensen som fyrste redaktør, ein stilling han hadde fram til 1958. Avisa vart nedlagt i 1995. Frå 1996 til 2000 fanst det ei elektronisk utgåve. Siste redaktør var Helge Loland.

I 2011 tok ei kanadisk nettside namnet «Nytt Fra Norge» og brukar ho til å vidarebringe nyhende frå mange norske aviser.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]