Flyulukke
Ei flyulukke er ei ulukke der eit eller fleire fly er involvert.
Årsaker [endre]
Det finst ei rekkje årsaker til at flyulukker oppstår. Dette inkluderer mellom anna teknisk eller menneskeleg svikt, dårlege klimatiske forhold, kollisjon og sabotasje. Dei fleste flyselskap har systematiske kontrollar av fly for å forhindre ulukker, og kontroll på flyterminalar skal vere med på å førebyggje terrorisme og sabotasje.
Rutinekontroll [endre]
Rutinekontroll av fly skal avdekke eventuelle feil og manglar på flyet. Dette er ein prosess som skal førebyggje og hindre ulukker. Slike kontrollar involverer typisk kontroll av flymotorar, venger, landingshjul og elektriske system. Rutinekontroll kan òg avdekke bomber og liknande truslar, sjølv om dette ofte er kontrollert av ei særskilt anti-terrorening, samt passasjerkontroll før påstiging.