Foggia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Foggia
Piazza Cavour i Foggia.
Piazza Cavour i Foggia.
Byvåpenet til Foggia
Byvåpenet til Foggia


Plassering
Foggia is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Puglia
Foggia
Borgarmeister Gianni Mongielli
Geografi
Flatevidd
 - By

507 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

154 780
  288/km²
Koordinatar 41°51′″N 15°32′″EKoordinatar: 41°51′″N 15°32′″E
Høgd over havet 76 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 71100
Telefon-retningsnummer 0881
Nettstad: www.comune.foggia.it

Foggia er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Foggia i regionen Puglia og har om lag 155 000 innbyggjarar. Foggia er den største byen sletta Capitanata, som òg vert kalla «kornmagasinet til Italia».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Foggia kjem frå det latinske fovea, som tyder «grop». Sjølv om området har vore busett sidan steinalderen og det var ein gresk koloni i nærleiken kalla Argos Hippium, er dei første skriftlege kjeldene om byen først frå år 1000. I følgje ei segn var dei første busetjarane bønder som hadde funn ei tavle som viste Jomfru Maria og som det brann tre flammar frå.

Området var myrlendt og helseskaldeleg og vart delvis drenert under Robert Guiscard, som derfor medverka til betre økonomiske tilhøve og levevilkår i byen. Byen vart sete for Henrik av Monte Sant'Angelo dei siste tjue åra av 1000-talet. På 1100-talet bygde Vilhelm II av Sicilia ei domkyrkje der og byen voks ytterlegare.

Fredrik II bygde eit palass i Foggia i 1223, der han ofte opphaldt seg. Det var òg sete for hoffet hans og eit studium med personar som Michael Scot. Lite er att av dette i dag.

I 1447 bygde kong Alfonso V av Aragon eit tollpalass for å skattelegge dei lokale sauebøndene, men dette førte til dårlegare lokaløkonomi og myrområda breidde seg utover landområda igjen.

I 1456 vart Foggia råka av eit jordskjelv, og fleire følgde i 1534, 1627 og 1731. Det sistnemnde øydela ein tredjedel av byen. Huset Bourbon betra dei økonomiske tilhøva igjen ved å satse på dyrking av korn på Capitanata og byggje opp att mykje av busetnaden.

På 1800-talet fekk Foggia ein jernbanestasjon og fleire viktige offentlege monument. Innbyggjarane tok del i opprøra som førte til samlinga av Italia i 1861.

I 1865 byrja ei større omvelting i landbruket frå den gamle sauedrifta til ei meir jordbruksbasert næring. Området var kjend for mangelen på vatn, men dette betra seg då den apuliske akvedukten vart bygd i 1924, då Foggia alt var eit viktig trafikknutepunkt mellom Nord- og Sør-Italia.

Denne rolla førte til at dei allierte bombarderte byen under den andre verdskrigen, særleg 22. juli og 19. august 1943 då byen vart lagt i ruinar. 1. oktober 1943 erobra dei allierte Foggia og nytta han til base for offensiven vidare nordover på halvøya. I 1959 og 2006 fekk Foggia medaljar for rolla han hadde under krigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]