Folda i Nordland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Folda er ein fjord i Bodø og Steigen kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 18 km austover til Prestmåsøya. Fjorden deler seg her i tre, Nordfolda, Sørfolda og Sagfjorden. Både Nordfolda og Sørfolda har igjen fleire fjordarmar og inn til botn av Leirfjorden er lengda av fjordsystemet om lag 59 km.

Folda har innløp mellom Slovær i sør og Kvaløyan i nord. Ved Laukvika i nord går Nordfolda nordaustover. Hjartøya ligg midt i innløpet til Nordfolda og på austsida av denne fjorden ligg Mulfjorden. Sagfjorden held fram vidare austover på andre sida av Prestmåsøya, medan Sørfolda går søraustover frå sørsida av Prestmåsøya.

Fv571 går på sørsida av fjorden.

Fjordarmar[endre | endre wikiteksten]