Foldafjorden

Koordinatar: 64°44′18.240″N 11°25′22.926″E / 64.73840000°N 11.42303500°E / 64.73840000; 11.42303500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Foldafjorden
fjord
Land  Noreg
Kart
Foldafjorden
64°44′18″N 11°25′23″E / 64.7384°N 11.423035°E / 64.7384; 11.423035

Foldafjorden, Foldfjorden eller berre Folda er ein fjord i Namsos og Nærøysund kommune i Trøndelag. Folda er eit havområde som ligg utanfor fjorden og strekkjer seg sørover og Foldafjorden er fjorddelen av dette området. Innerfolda er ein lang fjordarm av Foldafjorden og frå starten av Foldafjorden til botn av Innerfolda er fjorden 75 km lang.

Fjorden har innløp mellom Abelvær i nord og øya Jøa i sør og strekkjer seg innover i ein nordaustleg retning. På austsida av Jøa går Gyltfjorden sørover. Nordaust for innløpet til Gyltfjorden ligg bygda Salsnes. Litt lenger nordaust ligg den vesle fjorden Fjærangen. Riksveg 769 kryssar dei ytre delane av denne fjorden og går eit lite stykke vidare til bygda Lund. Frå her går det ferje nordover til Geisnes og Hoflesja på nordsida av fjorden.

Geisneset deler fjorden i to. På sørsida held fjorden fram austover til Oppløyfjorden. Like etter fjorden har passert nordsida av Geisneset deler fjorden seg vidare i to. Kvisten held fram austover, medan Korsnesstraumen går nordover til Kolvereidvågen og Kolvereid. Her startar òg Innerfolda som strekkjer seg 42 km vidare innover.

64°44′18.240″N 11°25′22.926″E / 64.73840000°N 11.42303500°E / 64.73840000; 11.42303500