Folding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Biletet synar synklinal (trau) og antiklinal (topp). Biletet synar òg effekten av erosjon.
Ein antiklinal frå Bjerkås. Det opphavlege flate skiferlaget er bretta så det no kjem rett opp nedanfrå før det bøyar mot høgre i biletet. (Foto: Kjetil Lenes)
Folding med antiklinal til venstre og synklinal til høgre.

Folding er ein geologisk prosess kor bergartar blir utsett for høgt trykk og temperatur slik at dei blir plastiske (bøyelege). Dei blir så bøygd og folda. Blir kreftene for store blir dei rivne frå kvarandre og ein får ein forkasting. Storleiken på foldinga kan variera sterkt.

Toppar i foldingane blir kalla antiklinalar, mens traua blir kalla synklinalar. Når erosjon, t.d. på grunn av ein isbre, høvlar flata flat står dei opphavlege laga att som striper på tvers av retninga på foldinga. Der toppane var vil det eldste laget ligge i midten med stadig yngre lag vekk frå dette. Der trauet var vil det bli tvert om.