Føl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fole)
Fjording med føl

Føl, fole eller folunge er det ein kallar ein unge av arten hest. Som regel brukar ein denne nemninga til dyret er eitt år gamalt. Eit ungdyr av hest som er eldre enn eitt år og yngre enn to år, kallast ein åring. Eit føl kan gå like etter at det er fødd. Det har lange bein så det kan fylgje mora, men kort hals. Den fyrste morsmjølka, råmjølka, er særs viktig for at eit føl skal overleve. Dette har samanheng med immunstoff som finst i råmjølka.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]