Folgefonnhalvøya
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Folgefonnhalvøya ligg i Hordaland og er avgrensa av Sørfjorden i aust, Hardangerfjorden i nord og vest, og Åkrafjorden i sør. Halvøya er delt mellom dei fem kommunane Odda, Ullensvang, Jondal, Kvinnherad og Etne.
Naturen er variert med isbreen Folgefonna, bratte fjordlandskap i sør og aust og opnare landskap lenger ute i Hardangerfjorden mot skjergarden i Sunnhordland.