Folgefonntunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Folgefonntunnelen er ein vegtunnel som går under Folgefonna frå Eitrheim i Odda kommune til Austrepollen i Kvinnherad kommune. Folgefonntunnelen vart opna av samferdsleminister Terje Moe Gustavsen og den danske kollegaen, trafikkminister Jacob Buksti den 15. juni 2001. Delar av kostnadane med tunnelsen vert betalt med bompengeinnkreving. Folgefonntunnelen er ca. 11,1 kilometer lang. I samband med prosjektet vart det bygd 1,3 km ny veg i Kvinnherad. I Odda vart det bygd 300 meter ny veg, i tillegg til 100 meter lokalveg.

Tunnelen betra sambandet mellom ytre og indre delar av Hordaland fylke. I tillegg opna vegen for ein ny køyreveg mellom Oslo og Bergen. For å vidareføra prosjektet er det planar om ein tunnel mellom Austrepollen og Jondal, den såkalla Jondalstunnelen.