Folkerøystinga i 1994

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Folkeavstemminga i 1994)

Ei rådgivande folkeavstemming om norsk tilslutning til EU fann stad 28. november 1994. 52,2 % stemte mot, 47,8 % stemte for. Det var fleirtal for ja i desse fylka: Oslo, Akershus, Østfold, Vestfold og Buskerud. I alle dei andre fylka var det fleirtal mot. Valdeltakinga var 89 %.

Det var Ap, Høgre og FrP som hausten 1992 vedtok å sende søknad om forhandlingar med EU med sikte på medlemskap for Noreg. Dette var tredje gongen Noreg søkte. Første søknaden i 1962 hadde vorte stansa av den franske presidenten, de Gaulle, som la ned veto mot britisk medlemskap. Andre gongen var i 1967, og etter at de Gaulle gjekk av i 1969, vart det opna for utviding av EU (som da heitte EF). Norsk medlemskap vart avvist i ei folkeavstemming 25. september 1972.

Den framforhandla avtalen mellom Noreg og EU vart underskriven 25. juni 1994. Austerrike hadde allereie sagt ja, og det vart bestemt at han skulle leggjast ut til avstemming 28. november same året, etter både Finland og Sverige sine avstemmingar, med den grunngivinga at det såkalla svenskesuget, dvs. eit eventuelt ja i Sverige, skulle kunne overbevise nordmenn om også å stemme ja.

Den viktigaste organisasjonen på ja-sida var Europabevegelsen, leidd av Inge Lønning og ungdomsorganisasjonen Europeisk Ungdom. Av partia var det Høgre, Ap og FrP som var dei fremste ja-partia. Næringslivet var også i all hovudsak tilhengarar av medlemskap, og sjølv om det fanst unnatak her, løyvde blant anna Næringslivets Hovedorganisasjon pengar til ja-sida. Pressa var også i all hovudsak tilhengar av medlemskap.

Nei til EU, leidd av Kristen Nygaard og ungdomsorganisasjonen Ungdom mot EU var den viktigaste organisasjonen på nei-sida. Organisasjonen vart grunnlagd i 1990 for å hindre både medlemskap i EU og tilslutning til EØS-avtalen, sjølv om det sistnemnde vart tona ned under sjølve EU-kampen. Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raud Valallianse var reine nei-parti, mens Venstre og Kristeleg Folkeparti også tok stilling mot medlemskap, sjølv om det i begge partia var betydelege mindretal som var for medlemskap. Blant næringslivet var bonde- og fiskarinteressene viktige for nei-sida, og utgjorde eit viktig økonomisk fundament.

LO vedtok på sin kongress 22. september 1994 å gå mot medlemskap, sjølv om leiaren Yngve Hågensen var ein uttalt ja-mann, mens dei andre fagorganisasjonane valde ikkje å ta stilling. Også norske miljøorganisasjonar som Naturvernforbundet, Natur og Ungdom og Framtiden i våre hender tok stilling mot EU. Det same gjorde organisasjonar som Juvente, Ungdom mot narkotika og SOS Rasisme.

Argument for EU-medlemskap[endre | endre wikiteksten]

Blant dei viktigaste var:

Sikring av næringsinteresser: EØS-avtalen representerte eit framsteg, men var ikkje nok. For at norske bedrifter skulle kunne konkurrere på linje med andre europeiske bedrifter var medlemskap nødvendig.

Internasjonalt fredssamarbeid: Auka europeisk samarbeid og gjensidig avhengigheit ville forhindre krigar i eit historisk krigsherja kontinent. Inn for å påverke: Noreg blir likevel affisert av det som skjer i EU - så korfor skal ein ikkje bidra til dette?

Deltaking i ei ny blokk: Det trengst ei motvekt til USA, og denne er EU.

Solidaritet med fattigare land: EU er eit prosjekt for utjamning i Europa, og Noreg bør bidra til at land som Spania, Portugal, Hellas og Irland kjem seg fram.

Argument mot EU-medlemskap[endre | endre wikiteksten]

Blant de viktigaste var:

Nasjonal sjølvråderett: Ved å underleggje seg EU sin økonomiske politikk er ikkje Noreg sjølv i stand til å forvalte sine eigne ressursar, og ved å underleggje seg institusjonar som Europakommisjonen og Europaparlamentet vil ikkje Noreg lenger vere i stand til å bestemme si eiga utvikling.

Meir byråkrati: EU vil representere ei ytterlegare, unødvendig byråkratisering.

Trugsel mot kulturell eigenart: Norsk kulturell eigenart vil bli truga av økonomiske interesser.

Marknadsideologi: EU eksisterer på marknadskreftene sine premiss, og dette har følgjer for miljø så vel som for arbeidar-rettar.

Solidaritet med den tredje verda: EU, Festning Europa, bidreg til å oppretthalde dei store forskjellane mellom nord og sør.

Nei til militær aggresjon: Vestunionen har ein out-of-area-klausul som tillèt unionen å gå til militære angrep utanfor sine eigne medlemsland. Sidan folkeavstemminga har også Nato innført ein tilsvarande klausul, noko som ikkje var tilfellet i 1994.

EU-kampen[endre | endre wikiteksten]

Kampen om norsk EU-medlemskap tok for alvor til hausten 1994. Sjølv om diskusjonen hadde pågått i fleire år var det no aktiviteten verkeleg tok av. Nei til EU hadde lokallag i alle kommunar, og det vart dagleg arrangert stands og arrangement både av ja- og nei-sida 25. september, samtidig som 10 000 menneske markerte at det var 22 år sidan folket hadde sagt nei, annonserte Gro Harlem Brundtland at Thorvald Stoltenberg ville bli Noreg sin eventuelle EU-kommissær, med ansvar for fiskeripolitikken. 19. november arrangerte nei-sida den til da største demonstrasjonen i Noreg etter krigen da omkring 35 000 personar gjekk i tog.

Sjølv om også ja-sida hadde fotsoldatar og aktivistar med eit aktivitetsnivå som ikkje stod tilbake for nei-sida, kom meir av ja-sida sin aktivitet ovanfrå. Den dominerte det meste av media, og regjeringa produserte materiell for ja-sida som vart fulldistribuert gjennom offentlege kanalar. Nei-sida kritiserte derfor regjeringa da ho sa ho ville gi like mykje til Europabevegelsen som til Nei til EU, særleg all den tid Nei til EU hadde langt fleire medlemer. Regjeringa gjekk derfor tilbake på dette, og nei-sida gav både ut ei motmelding til regjeringa si fulldistribuerte melding og ei lesebok med skjønnlitterære stykke som var skrivne av forfattarar som var mot EU. Begge vart fulldistribuert, delvis ved hjelp av posten, delvis ved hjelp av aktivistar. Nei til EU gav også dei siste vekene ut den gratis dagsavisa Ikke dytt nytt.

Den massive aktiviteten i Noreg vart også merka utanfor landet. Den danske EU-parlamentarikaren Jens-Peter Bonde uttalte at Noreg var heilt annleis enn Danmark. Her kunne ein kome til den ytste utkant og høyre folk sitere frå Maastricht-traktaten, noko som ikkje minst tyda på at folk hadde grunnlag for eigne meiningar.

16. oktober sa Finland ja til EU, og 13. november følgde Sverige etter. Mens ja-sida heilt sidan Danmark hadde sagt nei til Maastricht-traktaten i 1992 hadde lege langt etter nei-sida på meiningsmålingane, jamna det seg no ut, og svenskesuget verka reelt. Dagen før folkeavstemminga presenterte Verdens Gang til og med ei måling som for første gong på fleire år viste eit ja-fleirtal. I skolevalet i forkant av folkeavstemminga vart det likevel eit klart nei-fleirtal.

Resultatet av folkeavstemminga vart eit knapt, men likevel klart nei-fleirtal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]