Folkekirken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rinkenæs kyrkje. Dannebrog er heist under gudstenesta.

Folkekirken er den danske statskyrkja og det største kyrkjesamfunnet i Danmark. Kyrkja byggjer på den evangelisk-lutherske læra som blei innført ved reformasjonen i 1536. Sidan 2010 har kyrkja vore med i Porvoo-fellesskapen saman med andre lutherske og anglikanske kyrkjer. Rundt 80 % av danskar høyrer til Folkekirken.

Tilhøvet til staten er nedfelt i den danske grunnloven, der det står at «Den evangelisk-lutherske kirke er den danske folkekirke og understøttes som sådan af staten.» Kyrkja er underlagt Kirkeministeriet i Danmark med kyrkjeministeren som øvste leiar.

Folkekirken er delt inn i 10 stift i Danmark og 1 på Grønland som kvart er leidd av ein biskop. Desse er igjen inndelt i til saman 107 prosti og vidare i sokn, som blir styrte av valde sokneråd. I 2011 hadde Folkekirken 2 123 sokn og 2 354 kyrkjer. 1. januar 2011 hadde kyrkja 4 469 109 medlemmer, noko som tilsvarer 80,4 % av innbyggjarane i Danmark.[1]

Folkekirken fungerer òg som eit folkeregister. Ho registrerer fødslar, dødsfall, namneendringar og liknande i heile landet, bortsett frå i Sønderjylland, der kommunane gjer dette.

[endre] Kjelder

  1. Folkekirken ved Kirkeministeriet
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk