Follow You Follow Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Follow You Follow Me
Singel av Genesis
frå albumet ...And Then There Were Three...
B-side
    • «Ballad of Big» (Storbritannia)
    • «Inside and Out» (USA)
Utgjeve 25. februar 1978
Innspelt September–oktober 1977
Sjanger Softrock[1]
Lengd
    • 3:59 (album)
    • 3:19 (singel)
Selskap
Komponist Tony Banks
Låtskrivar(ar)
Produsent
Genesis-kronologi 
«A Trick of the Tail»
(1976)
Follow You Follow Me «Many Too Many»
(1978)


«Follow You Follow Me» er ein song frå 1978 av Genesis. Musikken vart skriven av Tony Banks, Phil Collins og Mike Rutherford, med tekst av Rutherford.[2] Han vart opphavleg gjeven ut på albumet …And Then There Were Three…, og så som singel. Singelen vart den første av Genesis som slo igjenn i USA med topplassering på 23. plass. Singelen nådde òg 7. plass i Storbritannia.[3] Singelen bana veg for den meir radiovennlege retninga Genesis kom til å ta det neste tiåret.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Den langsamare, sentimentale «Follow You Follow Me» var eit steg til side for det Genesis hadde laga av musikk til no, og skilde seg òg ut frå resten av albumet med ein enkel melodi, romantisk tekst og ein vers-refreng-struktur. Sjølv om tidlegare album òg hadde inneheldt kjærleiksballadar, som «More Fool Me» på Selling England by the Pound og «Your Own Special Way» frå Wind & Wuthering, vart «Follow You Follow Me» den første store popsuksessen til Genesis. Bandet var samde om at dei hovudsakleg hadde mannlege fans i publikum og skreiv denne songen spesifikt retta mot kvinner.[4]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen starta med ein akkordsekvens av gitarist Mike Rutherford, som òg hevdar han skreiv teksten på kring fem minutt. På den tida skreiv bandet vanlegvis songar kvar for seg, men denne songen skal ha vorte skrive i samarbeid mellom heile bandet.[2]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen for songen var ei framføring av bandet, som dei mima til. Denne kom sidan ut på DVDenThe Video Show.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. «AllMusic Review». AllMusic. Arkivert frå originalen 5 Desember 2017. Henta 24. august 2015. «Its calm, insistent melody, layered with harmonies, is a perfect soft rock hook» 
  2. 2,0 2,1 "Genesis Look at Themselves - An Autodiscography». Trouser Press magazine, mars 1982 issue
  3. Genesis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 30. september 2012.
  4. Genesis: A Biography, by Dave Bowler and Bryan Dray ISBN 0-283-06175-8