Fonetikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Tverrsnitt av eit menneskehovud, som mellom anna viser talekanalen.

Fonetikk (òg kalla språklydlære) (av gresk φωνή phōnḗ 'lyd') er ei grein av lingvistikken som omfattar læra om språklydar. Som vitskapleg disiplin freistar fonetikken å skildre og forstå fenomen og prosessar i tale som er aktive når menneske snakkar saman - eller freistar å snakke saman. Fonetikk er såleis studiet av korleis mennesket produserer språklydar, korleis desse språklydabe breier seg som lydbølgjer og korleis mennesket oppfattar desse lydbølgjene. Fonetikken står i eit kryssingspunkt mellom lingvistikk, anatomi, fysiologi, aerodynamikk, akustikk og psykologi (Endresen 1991: 15).

[endre] Hovudgreinene av fonetikken

Munnleg kommunikasjon.

Sidan fonetikk er studiet av korleis mennesket produserer språklydar, korleis desse språklydane breier seg som lydbølgjer og korleis mennesket oppfattar desse lydbølgjene, er det vanleg å rekne med at fonetikken har tre hovudgreiner:

  • Artikulatorisk fonetikk er studiet av taleproduksjonen, det vil seie korleis mennesket nyttar taleorgana for å frambringe språklydar
  • Akustisk fonetikk er studiet av lydbølgjene som blir dana når mennesket nyttar taleorgana.
  • Auditiv fonetikk er studiet av korleis vi oppfattar desse lydbølgjene med høyrsleorgana og hjernen.

[endre] Bibliografi

  • Endresen, Rolf Theil 1991. Fonetikk og fonologi. Ei elementær innføring. Oslo: Universitetsforlaget.
    Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.