Fonograf
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fonograf (av gresk: φονε, lyd, og γραφο, skriva) er ein maskin for spela inn, ta opp og gje att lyd. Lyden blir lagra som spor på ein sylinder. Fonografen vart oppfunnen av Thomas Edison i 1877 og vart selt kommersiellt 1890-1925. Prinsippet bygger på eit apparat som registrerer svingingar og som franskmannen Léon Scott kontruerte allereie i 1857.
Fonografen var den fyrste maskinen som kunne spela inn og bevara lyd. På dei eldste modellane vart lydsporet gravert inn i eitt tynt lager av metallfolie. Nyare versjonar brukte materiale som voks og celluloid. Lydbylgjer blir overført via eitt membran till ein metallstift (nål) som då vibrerer i takt med bylgjene. Stiften ristar inn eit spor i den roterande sylinderen.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Fonograf» frå Wikipedia på svensk, den 11. september 2012.