Fonologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fonologien mellom andre greiner av lingvistikken eller nivå i språkstrukturen.

Fonologi er den greina av den allmenne lingvistikken som utforskar lydsystem i einskildspråk og allmennspråklege drag ved slike system.[1] Fonologien må skiljast frå fonetikken, som er læra om språklydanes natur, produksjon og persepsjon, uavhengig av lydsystem i einskildspråk.

Mange fonologar dreg i tillegg inn eit funksjonelt perspektiv. Det er språklydane som gjer at vi skil teikna i eit språk frå kvarandre perseptuelt og som såleis utgjer grunnlaget for språket som kommunikasjonssystem. Menneska kan produsere og oppfatte mange ulike lydar, og språka i verda skil seg sterkt frå kvarandre med omsyn til kva lydar og lydlege skilnader som blir utnytta. Settet av språklydar som eit einskilt språk utnyttar, kan i stor grad karakteriserast som eit system, det vil seie ei «gruppe av mindre einingar som lagar ein samordna eller samverkande heilskap.»[2]

Skiljet mellom fonologi og andre lingvistiske disiplinar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Skiljet mellom fonologi og andre disiplinar.

Fonologien grensar i fyrste rekkje mot fonetikk, morfofonologi og morfologi, og grenseoppgangen er vanskeleg og omdiskutert.

  • Skiljet mellom fonologi og fonetikk er problematisk, både frå ein teoretisk og praktisk synsstad. Fonologisk forsking er umogeleg utan inngåande kunnskap i fonetikk, men samstundes avgjer fonologien i stor grad kva som er relevant fonetisk forsking.
  • Mellom ulike fonologiske teoriar er det ei grunnleggjande usemje om tilhøvet mellom fonologi og morfofonologi. I strukturalistisk fonologi blir morfofonologien sett på som ein eigen disiplin mellom fonologien og morfologien, medan skiljet mellom fonologi og morfofonologi er oppheva i generativ fonologi.
  • Morfologisering av morfofonologiske prosessar er eit allmennspråkleg tendens, som gjer at skiljet mellom morfofonologi og morfologi ofte er vanskeleg å trekkje.

Sentrale fonologiske termar[endre | endre wikiteksten]

For å kunne drøfte ulike teoretiske tilnærmingar til fonologien lenger nede, er det praktisk å innføre ein del sentral fonologisk terminologi, som kan delast i to grupper:

  1. Det fonologiske hierarkiet
  2. Dei fonologiske nivåa

Det fonologiske hierarkiet[endre | endre wikiteksten]

Hierarki
For meir om dette emnet, sjå Det fonologiske hierarkiet.

Desse fem einingane utgjer eit fonologisk hierarki. Når eining X står rett over eining Y, tyder det at X er bygt opp av éi eller fleire einingar av type Y. Ei ytring er bygd opp av eitt eller fleire fonologiske ord, eit fonologisk ord er bygt opp av éi eller fleire stavingar, ei staving er bygd opp av eitt eller fleire segment, og så bortetter. Lista under er ikkje uttømande.

  1. Ytring
  2. Fonologisk ord
  3. Staving
  4. Segment
  5. Trekk

Dei fonologiske nivåa[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Fonologisk nivå.

Eit fonologisk nivå er det same som ein fonologisk representasjon, og dei ulike fonologiske nivåa skil seg frå kvarandre mellom anna i abstraksjonsgrad, som i fonologien tyder avstand eller skilnad frå det som er direkte observerbart. Vi skal skilje mellom tre fonologiske nivå, med det mest abstrakte øvst og det minst abstrakte nedst. Ulike fonologiske teoriar skil seg frå kvarandre både når det kor mange nivå dei postulerer og kva dei kallar nivåa.

  1. Det morfofonologiske nivået
  2. Det fonemiske nivået
  3. Det fonetiske nivået

Fonologiske teoriar[endre | endre wikiteksten]

Vi skal drøfte den historiske utviklinga av fonologien i seks punkt:

  1. Eldre innsikter om fonologi
  2. Kazan'-skulen
  3. Strukturalistisk fonologi
  4. Pāṇiniansk morfofonologi i Nord-Amerika
  5. Generativ fonologi
  6. Bruksbasert fonologi

Eldre innsikter om fonologi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Eldre innsikter om fonologi.

Trass i at fonologien som sjølvstendig lingvistisk disiplin knapt kan sporast lenger attende enn til 1870-talet, har fleire grunnleggjande idear i fonologien har vore kjende og diskuterte langt attende i historia, i fleire delar av verda. Her er nokre døme:

Kazan'-skulen[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Kazan'-skulen

Jan N. I. Baudouin de Courtenay tidleg i karrieren.

Fonologien som disiplin kan sporast attende iallfall til 1870-talet, då den polske lingvisten Jan Baudouin de Courtenay (1845-1929) skipa Lingvistskulen i Kazan’. I lag med to av studentane sine utarbeidde han ein moderne bruksmåte av termen fonem. Det var Jan Baudouin de Courtenay som innførde skiljet mellom morfofonologiske vekslingar og allofoniske vekslingar.

Strukturalistisk fonologi[endre | endre wikiteksten]

Ferdinand de Saussure (1857-1913)
For meir om dette emnet, sjå Strukturalistisk fonologi.

Strukturalistisk fonologi er fonologi innanfor rammen av strukturalistisk lingvistikk, som blei grunnlagd av Ferdinand de Saussure (1857-1913), og er presentert i det posthume verket Cours de linguistique générale (1916).[3]. Dette er nokre grunnleggjande idear:

Her er ei liste over viktige retningar av strukturalistisk fonologi; dei er omtala nedanfor:

  1. Lingvistkrinsen i Praha
  2. Britisk strukturalistisk fonologi
  3. Nordamerikansk strukturalistisk fonologi
  4. Roman Jakobson

Lingvistkrinsen i Praha[endre | endre wikiteksten]

Nikolaj S. Trubetzkoy (1890-1938)
For meir om dette emnet, sjå Lingvistkrinsen i Praha.

Lingvistkrinsen i Praha[4] blei skipa i 1926, og mellom grunnleggjarane var russarane Nikolaj S. Trubetzkoy og Roman Jakobson, to av dei fremste fonologane i verda på 1900-talet. Dei bygde vidare på hovudideane frå Kazan'-skulen og Ferdinand de Saussure, slikt dei er framstilte ovanfor. Glansperioden for krinsen var tida fram til 2. verdskrigen. Det fonologiske hovudverket frå denne perioden er Grundzüge der Phonologie av Trubetzkoy; boka kom ut posthumt i 1939.[5]

I Grundzüge utvikla Trubetzkoy den mest avanserte og fullstendige strukturalistiske fonologiske teorien gjennom tidene. Her er nokre hovudpunkt i teorien:

  • 1. Fonemet er det minimale settet med distinktive trekk, som er sams for alle allofonane til eit gjeve fonem og som skil dette fonemet frå andre fonem i språket.
  • 2. Når talet på fonem som førekjem i to ulike omgjevnader ikkje er det same, finn vi ofte nøytralisering i den omgjevnaden der det er færrast fonem. Då manglar opposisjonen mellom to eller fleire fonem, og i staden finst eit arkifonem. Dei distinktive trekka til arkifonemet er dei som er sams for settet med nøytraliserte fonem.
  • 3. Opposisjonar mellom fonem kan delast i privative, graduelle og ekvipollente på grunnlag av eigenskapar ved dei distinktive trekka.
  • 4. Trubetzkoy innførde ein eigen terminologi – attåt teorien om distinktive trekk – for å konkretisere kva det ligg i at fonema i eit språk utgjer eit system.

Britisk strukturalistisk fonologi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Britisk strukturalistisk fonologi.

Dei to fremste britiske strukturalistiske fonologane var Daniel Jones (1881–1967), som arbeidde ved University College London, og John Rupert Firth (1890–1960), som arbeidde ved University College London før han flytte over til School of Oriental and African Studies.[6]

  • Daniel Jones innførde termen fonem i britisk lingvistikk. Han definerte fonemet som eit sett med allofonar. Han skilde mellom ein hovudallofon og biallofonar.
  • John Rupert Firth sitt hovudbidrag til fonologien var prosodisk analyse (engelsk Prosodic Analysis). Han skilde mellom fonologiske einingar på to nivå - fonemiske einingane (segment) (engelsk phonematic units) og prosodiar (engelsk prosodies), som strekkjer seg over fleire segment eller heile ord.

Nordamerikansk strukturalistisk fonologi[endre | endre wikiteksten]

Utbreiinga av innfødde språk i Nord-Amerika før den europeiske innvandringa
For meir om dette emnet, sjå Nordamerikansk strukturalistisk fonologi.

Dei fremste namna i nordamerikansk strukturalistisk fonologi er Edward Sapir (1884–1939), Leonard Bloomfield (1887–1949), W. Freeman Twaddell (1906–1982), Zellig S. Harris (1909–1992) og Charles F. Hockett (1916–2000). Nordamerikansk strukturalistisk fonologi er jamt over prega av meir praktiske problemstillingar enn til dømes Praha-fonologien. Mange nordamerikanske lingvistar nytta mykje tid på å beskrive innfødde amerikanske språk (indianarspråk), og tilnærminga deira til fonologien er prega av dette. Sapir og Hockett var både lingvistar og antropologar.

  • Edward Sapir demonstrerer i artikkelen «Sound patterns in language» (1925)[7] skilnaden mellom fonetikk og fonologi.
  • W. Freeman Twaddell publiserte i 1935 den teoretisk interessante artikkelen «On Defining the Phoneme».[8] Talet på ulike distinktive segment varierer ofte sterkt mellom ulike fonologiske omgjevnader. Twaddell postulerte difor eit fonemsystem for kvar omgjevnad, system av mikrofonem. På grunnlag av fleire system av mikrofonem kunne ein så ta steget vidare og postulere eit system av makrofonem – ei generalisering over alle mikrofonemsystema.

Roman Jakobson[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Roman Jakobson.

Den russisk-jødiske lingvisten Roman Jakobson (1896–1982), som var med og skipa Lingvistkrinsen i Praha i 1926, fekk meir å seie for utviklinga av lingvistikken på 1900-talet enn dei fleste, og fonologien stod sentralt i arbeidet hans. Han flykta frå Tsjekkoslovakia i 1939, før den tyske innmarsjen, og drog til Norden, fyrst til Danmark og Noreg, og så vidare til Sverige. I 1941 drog han til USA, og fekk i 1943 eit professorat ved Columbia University; i 1949 blei han kalla til Harvard University; frå 1957 underviste han òg ved Massachusetts Institute of Technology (MIT). Mellom dei fremste elevane til Roman Jakobson er Morris Halle (1923–).

I 1952 gav Roman Jakobson og Morris Halle ut boka Preliminaries to speech analysis : the distinctive features and their correlates i lag med den svenske fonetikaren Gunnar Fant (1919–2009).[10] I 1956 kom Fundamentals of language med Jakobson og Halle som forfattarar.[11] I desse bøkene presenterer dei eit framlegg til eit universelt sett med distinktive trekk, som skulle uttrykkje alle distinktive opposisjonar i alle språk i verda. Eit radikalt framlegg var dessutan at alle trekk er binære.

Pāṇiniansk morfofonologi i Nord-Amerika[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Pāṇiniansk morfofonologi i Nord-Amerika.
Jakob Wackernagel (1853-1938)

På 1930- og 1940-talet publiserte nokre lingvistar som elles stod sentralt i strukturalistisk fonologi, arbeid som viser direkte påverknad frå sanskrit-grammatikaren Pāṇini (5. el. 6. hundreåret f. Kr.). Desse arbeida bryt med det ein normalt tenkjer på som strukturalistisk fonologi, og bør oppfattast som ei nyutvikling i europeisk-amerikansk lingvistikk – trass i det 2 500 år gamle førebiletet.

Leonard Bloomfield (1887–1949), som 1913–14 hadde studert samanliknande indoeuropeisk språkvitskap og sanskrit i Tyskland, blei påverka av den rigorøse grammatiske analysen til sanskritgrammatikaren Pāṇini. Påverknaden viser seg mellom anna i artiklane «On Some Rules of Pāṇini» (1927)[12] og «Menomini morphophonemics» (1939).[13] I den sistnemnde artikkelen beskriv Bloomfield morfofonologien (=morfofonemikken) i det algonkinske språket menomini i ein modell der eit sett med morfofonologiske reglar endrar den fonologiske forma på morfem frå eit morfofonologisk til eit fonemisk nivå, og reglane er ordna. Charles F. Hockett tok doktorgraden i 1939 på grammatikken til det algonkinske språket potawatomi, mellom anna med ein omfattande analyse av morfofonologien, i same modellen som Bloomfield nytta i «Menomini morphophonemics».[14] Han konstruerte ei «baseform» (engelsk basic form) i ein «morfofonemisk notasjon» (engelsk morphophonemic notation) for kvart morfem og lét eit sett med ordna «transformasjonsreglar» (engelsk rules of transformation) verke fram til ei «fonemisk form» (engelsk phonemic shape). Roman Jakobson publiserte i 1948 artikkelen «Russian conjugation», der også han nyttar denne pāṇinianske modellen, og artikkelen «Automatic alternations» (1949) av Rulon S. Wells III (1919–2008) er endå eit godt døme.[15] Det same gjeld masteravhandlinga til Noam Chomsky (1928–) frå 1951, Morphophonemics of Modern Hebrew.[16]

Generativ fonologi[endre | endre wikiteksten]

Avram Noam Chomsky (1928-)
For meir om dette emnet, sjå Generativ fonologi.

Generativ fonologi vil seie fonologisk teori innanfor rammene av generativ lingvistikk. Det er klår kontinuitet frå pāṇiniansk morfofonologi i Nord-Amerika og til tidlege generative fonologiske arbeid av Noam Chomsky og Morris Halle. [17] Om ein skulle freiste å trekkje ei skiljeline, kunne ein til dømes velje å seie at generativ fonologi oppstår når Morris Halle og Noam Chomsky kring 1960 argumenterer for avskaffinga av det fonemiske nivået.[18]

Klassisk generativ fonologi[endre | endre wikiteksten]

Det sentrale verket innanfor klassisk generativ fonologi er The Sound Pattern of English (SPE), av Noam Chomsky og Morris Halle frå 1968. Dei opererer med to fonologiske nivå:

Desse representasjonane var knytte i hop med fonologiske reglar. Reglane var ekstrinsisk ordna, og ein meinte rekkjefølgja kunne endre seg diakront. Det fonemiske nivået og skiljet mellom morfofonologiske reglar og allofoniske reglar var borte.

Eit varig bidrag var revisjonen av dei distinktive trekka, no kalla fonologiske trekk. Etter at Roman Jakobson og Morris Halle presenterte sine universelle distinktive trekk på 1950-talet, hadde ein funne mange språk med distinktive opposisjonar som desse trekka ikkje kunne gjere greie for. Med nokre mindre revisjonar og tillegg er "SPE-trekka" framleis (i 2009) i bruk i generativ fonologi, og trekka blir oppfatta som ein del av den universelle grammatikken. Eit segment var definert ved ei liste med trekk, og rekkjefølgja på trekka innanfor lista hadde inga teoretisk tyding. Også SPE-trekka er binære. Medan trekka til Jakobson og Halle skulle definere alle distinktive opposisjonar i alle språk, skulle SPE-trekka definere alle naturlege klassar i alle språk.

Seinare utvikling[endre | endre wikiteksten]

Som andre greiner av generativ grammatikk har generativ fonologi gått gjennom mange og radikale endringar, som blir drøfte her under desse overskriftene:

  1. Fonologiske trekk
  2. Trekkgeometri
  3. Abstraksjon i generativ fonologi
  4. Reglar i generativ fonologi
  5. Generativ fonologi og morfologi
Fonologiske trekk[endre | endre wikiteksten]

Trekka høyrer til eit presumptivt medfødt og universelt sett, som er meint å definere alle naturlege klassar i alle språk. Ein naturleg klasse med segment er eit sett med segment som oppfører seg likt fonologisk, til dømes ved å vere inndata eller omgjevnad i ein fonologisk regel. Etter SPE har settet med trekk gjennomgått mindre justeringar. Viktigast er innføringa av artikulasjonsstad-trekket [±labial] og av to laryngale trekk [±spreidd glottis] og [±samandregen glottis] (engelsk spread glottis og constricted glottis).

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Jeff Mielke viser i boka The Emergence of Distinctive Features (2008)[19] at ingen sett med fonologiske trekk som er føreslegne av ulike generative fonologar, kan gjere greie for meir enn 71% av dei naturlege klassane i nærmare 600 språk frå alle delar av verda som undersøkinga hans byggjer på.[20] Mielke trekkjer den konklusjonen at hypotesen om at det finst eit sett med universelle og medfødde fonologiske trekk bør revurderast. Fonologiske trekk er truleg uunnverlege, men dei oppstår (engelsk emerge) i kvart einskilt språk på grunnlag av allmenne drag ved artikulasjon og persepsjon.

Trekkgeometri[endre | endre wikiteksten]
Forgreiningar

I klassisk generativ fonologi er eit segment ei uordna liste med fonologiske trekk. Det fyrste viktige brotet med denne analysen kom med autosegmental fonologi. Teorien, som blei presentert i 1976 i doktoravhandlinga til den amerikanske lingvisten John Goldsmith (1951–), Autosegmental phonology, går ut på at trekka kan høyre til fleire sjikt (engelsk tiers), som svarar til fonemiske einingar og prosodiar hos den britiske lingvisten John Rupert Firth. Trekk som strekkjer seg over fleire segment, blei plasserte på eit eige sjikt, for å gjere greie for til dømes vokalharmoni og tonologiske ovringar, og Goldsmith utarbeidde teoriar om universelle prinsipp for assosiasjon – det vil seie samanfall i tid – mellom einingar på ulike sjikt.

Eitt problem med autosegmental fonologi var at det ikkje kunne avgjerast på uvilkårleg vis i kva tilfelle eit trekk skulle utgjere eit eige sjikt. Problemet blei løyst då trekkgeometrien blei føreslegen av den amerikanske lingvisten Nick Clements (1940–2009) i 1985. I denne teorien utgjer alle trekk sitt eige sjikt, og stridsspørsmålet er korleis sjikta er knytte til kvarandre. I praksis viser det seg at sjikta blir organiserte på grunnlag av artikulasjonsfonetiske prinsipp.

Abstraksjon i generativ fonologi[endre | endre wikiteksten]

Ein underliggjande representasjon (UR) av eit morfem μ skil seg ofte fonologisk frå den fonetiske representasjonen (FR) av allomorfane til μ, og di større skilnaden er, di meir abstrakt seier ein UR-en til μ er. I SPE har til dømes morfemet divine UR-en /divīn/ og FR-ane [diˈvāyn] (som i ordet divine) og [diˈvin] (som i ordet divinity). I SPE – som i morfofonologiske studium frå 1930- og 1940-talet – var det ingen restriksjonar på graden av abstraksjon, og mange såg dette som eit problem, mellom anna av di det blei publisert analysar med eit abstraksjonsnivå som – i det minste intuitivt – grensa til det absurde.[21] Fleire framlegg til restriksjonar på abstraksjon har blitt føreslegne:

  • Forbod mot absolutt nøytralisering: Eit segment kan ikkje postulerast i UR-en til eit morfem dersom det aldri finst i FR-en til morfemet. Ein kan til dømes ikkje postulere at engelsk leaf~leaves [ˈlīyf]~[ˈlīyvz] (med vekslinga [f~v] mellom eintal og fleirtal) har ein annan underliggjande stammefinal konsonant enn chief~chiefs [ˈčīyf]~[ˈčīyfs] (med [f] i både eintal og fleirtal) og sleeve~sleeves [ˈslīyv]~[ˈslīyv] (med [v] i både eintal og fleirtal); valet må stå mellom /f/ og /v/.
  • Dersom eit morfem ikkje varierer morfofonologisk, skal UR vere lik FR. Jamvel om vi postulerer UR-en /divīn/ for [diˈvāyn] divine, kan vi ikkje postulere /vīn/ for [ˈvāyn] vine, for vine heiter aldri noko anna enn [ˈvāyn].
  • UR skal ikkje vere meir abstrakt enn det fonemiske nivået. Dette blei føreslege i naturleg generativ fonologi[22], ein teori som etter kvart utvikla seg til ein ikkje-generativ bruksbasert fonologi.
Reglar i generativ fonologi[endre | endre wikiteksten]

I klassisk generativ fonologi er UR og FR bundne i hop gjennom eit sett med ekstrinsisk ordna reglar, og ein tenkte seg at rekkjefølgja på reglane kunne endre seg diakront og at to nærskylde dialektar kunne ha same UR-ar og reglar, men med reglane ordna i ei anna rekkjefølgje.[23] Det har vore omfattande diskusjonar om prinsipp for regelordning, men generative fonologar som framleis operer med reglar, avvik lite frå SPE på dette punktet; sjå til dømes Introducing Phonology (2005) av David Odden.[24] Det store skiljet i dag går mellom esktrinsisk ordna reglar à la SPE på den eine sida og utdata-restriksjonar à la optimalitetsteori (OT) på den andre. OT, som fyrst blei presentert i 1993 av dei amerikanske lingvistane Alan Prince, Paul Smolensky og John J. McCarthy, postulerer éin regel, GEN (= generator), som genererer ei uendeleg mengd med alternative utdata, kalla kandidatar, som blir evaluerte av EVAL (= evaluator) på grunnlag av CON (= constraints), som er eit universelt sett med avgrensingar (engelsk constraints) som er ordna i eit særspråkleg hierarki.[25][26]

Det fonologiske hierarkiet i generativ fonologi[endre | endre wikiteksten]

Bruksbasert fonologi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Bruksbasert fonologi.

Bruksbasert fonologi er fonologisk teori innanfor rammene av bruksbasert grammatikk, ei paraplynemning for fleire nærskylde lingvistiske teoriar. Viktigast frå ein fonologisk synsstad er den kognitive grammatikken til den amerikanske lingvisten Ronald W. Langacker (1942–) og teoriane som den amerikanske lingvisten Joan L. Bybee (1945–) har presentert sidan 1980-talet.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Per Linell 1979. Psychological reality in phonology: a theoretical study. (Cambridge studies in linguistics 25) Cambridge: Cambridge university press.
  2. «system» i Nynorskordboka
  3. Ferdinand de Saussure 1916. Cours de linguistique générale. Publié par Charles Bally et Albert Sechehaye ; avec la collaboration de Albert Riedlinger. Paris: Payot.
  4. Jamfør heimesida til denne krinsen: http://www.praguelinguistics.org/
  5. N. S. Trubetzkoy 1939. Grundzüge der Phonologie. (Cercle linguistique de Prague 7.) Prague : Le Cercle. Seinare opplag utgjevne av Vandenhoeck & Ruprecht, Göttingen.
  6. Heimesida til School of Oriental and African Studies
  7. Sapir, Edward Sapir 1925. Sound patterns in language. Language 1: 37–51.
  8. W. Freeman Twaddell 1935. On Defining the Phoneme (Supplement to Language: Journal of the Linguistic Society of America. Language Monographs, Number 22. )
  9. Charles F. Hockett 1955. A Manual of Phonology. Indiana University Publications in Anthropology and Linguistics 11.
  10. Preliminaries to speech analysis : the distinctive features and their correlates. Av Roman Jakobson, C. Gunnar M. Fant, Morris Halle. (Technical Report No 13.) Cambridge, Mass. : MIT.
  11. Roman Jakobson og Morris Halle 1956. Fundamentals of language. (Janua linguarum 1 Series minor.) 's-Gravenhage : Mouton.
  12. Leonard Bloomfield 1927. On Some Rules of Pāṇini. Journal of the American Oriental Society 47: 61-70.
  13. Leonard Bloomfield 1939. Menomini morphophonemics. S. 105–115 i Études phonologiques dédiées à la mémoire de M. le prince N.S. Trubetzkoy. (Travaux du Cercle Linguistique de Prague 8.) Prague.
  14. Charles F. Hockett 1948. Potawatomi. International Journal of American Linguistics 14: 1–10, 63–73, 139–149, 213–225.
  15. Rulon S. Wells 1949. Automatic alternations. Language 25: 99–116.
  16. Noam Chomsky 1951. Morphophonemics of Modern Hebrew. Master's thesis, University of Pennsylvania.
  17. John Goldsmith 2007. Generative phonology in the late 1940s. Artikkelen ligg her: http://hum.uchicago.edu/~jagoldsm/Webpage/index.html
  18. Morris Halle 1959. The sound pattern of Russian. The Hague: Mouton. / Morris Halle 1962. Phonology in generative grammar. Word 18, 54-72. / Noam Chomsky 1964. The nature of structural descriptions. S. 65-110 i: Current Issues in Linguistic Theory. The Hague: Mouton.
  19. Jeff Mielke 2008. The Emergence of Distinctive Features. (Oxford Studies in Typology and Linguistic Theory) Oxford: Oxford University Press
  20. Databasen til Jeff Mielke er tilgjengeleg på heimesida hans ved University of Ottawa: http://aix1.uottawa.ca/~jmielke/
  21. Eit representativt døme er Theodore M. Lightner 1972. Problems in the Theory of Phonology. Russian Phonology and Turkish Phonology. Edmonton: Linguistic Research.
  22. Joan B. Hooper 1976. An introduction to natural generative phonology. New York : Academic Press.
  23. Robert D. King 1969. Historical Linguistics and Generative Grammar. Englewood Cliffs, N.J.: Prentice-Hall.
  24. David Odden 2005. Introducing Phonology. (Cambridge Introductions to Language and Linguistics.) Cambridge: Cambridge University Press,
  25. Prince, Alan and Paul Smolensky. (1993/2002/2004): Optimality Theory: Constraint Interaction in Generative Grammar. Blackwell Publishers (2004) [1](2002). Technical Report, Rutgers University Center for Cognitive Science and Computer Science Department, University of Colorado at Boulder (1993).
  26. McCarthy, John and Alan Prince (1993): Prosodic Morphology: Constraint Interaction and Satisfaction. Rutgers University Center for Cognitive Science Technical Report 3.