Fontenay-sous-Bois

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fontenay-sous-Bois
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Île-de-France
Val-de-Marne
Geografi
Flatevidd
 - By

5,58 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

51 100
  9 158/km²
Koordinatar 48°51′04″N 02°28′28″EKoordinatar: 48°51′04″N 02°28′28″E
Diverse anna
Heimeside: www.fontenay-sous-bois.fr

Fontenay-sous-Bois er ein kommune i dei austlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 9,3 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus og like over 50 000 innbyggjarar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet Fontenay kjem frå det mellomalderlatinske ordet Fontanetum, som tyder «kjeldene» etter det latinske ordet fontana («naturleg kjelde»).

Kommunen har gått under fleire namn, som Fontenay-les-Bois (som tyder «Fontenay ved skogen»), Fontenay-sur-le-Bois (som tyder «Fontenay overfor skogen») eller Fontenay-sous-Bois (som tyder «Fontenay nedanfor skogen»), men tidleg på 1800-talet vart namnet fastsett til Fontenay-sous-Bois. Skogen det vert refertert til er Bois de Vincennes.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1929 mista kommunen Fontenay-sous-Bois meir enn ein tredjedel av områda sine då byen Paris annekterte Bois de Vincennes, ein stor del som høyrte til Fontenay-sous-Bois.