Foramen mandibulae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein modell av underkjeven sett frå baksida, med foramen mandibulae merka med raudt.

Foramen mandibulae er ein foramen på den indre overflata av underkjevegreina, den bakovervendte og vinkelrett orienterte delen av underkjeven, der delar av underkjevenerva og nokre blodårer passerer.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Underkjevenerva er ein av tre utgreiningar frå trillingnerva (CN V), og den einaste greina med motorisk innervasjon.

Den eine greina, n. alveolaris inferior, saman med a. alveolaris inferior, passerer foramen mandibulae gjennom kroppen av mandibularkanalen før den går ut av foramen mentale på framsida av underkjeven, der nerva er kjent som n. mentalis.

Desse nervane gjev sensorisk innervasjon til dei nedre tennene, samt den nedre leppa og delar av huda i det nedre andletet.

Kantstruktur[endre | endre wikiteksten]

Det finst to distinkte anatomiske former på kanten av foramen mandibulae:

  • Den vanlegaste forma er V-forma med ei grop som delar dei fremre og bakre delane.
  • Den andre forma er horisontal og oval, og manglar denne gropa. Kanten er horisontalt retta og oval, og den fremre og bakre delen er samankopla.

Fleire bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]