Foras na Gaeilge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Foras na Gaeilge
Skipa2. desember 1999
HovudkontorDublin, Belfast
Nettstadhttp://www.gaeilge.ie Sjå dette på Wikidata

Foras na Gaeilge er det normerande organet for det irske språket. Det vart oppretta 2. desember 1999 med ansvar for å fremje bruken av heile språket på heile Irland, og tok då over oppgåvene til dei tidlegare statlege organa Bord na Gaeilge, An Gúm og An Coiste Téarmaíochta.

Foras utgjer halvparten av The North/South Language Body, som vart oppretta som eit samarbeidsorgan i samband med Belfastavtalen. Den andre delen er Tha Boord o Ulster-Scotch, som fremjar bruken av ulsterskotsk.

Organet har ei rådgjevande rolle for bruken av irsk gælisk i både offentleg og privat sektor i Republikken Irland, der språket har offisiell status, og i Nord-Irland der irsk er eit regionalt språk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Foras na Gaeilge