Forbordsfjellet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Forbordsfjellet
Forbordsfjellet sett frå Rykkja
Forbordsfjellet sett frå Rykkja
Høgd over havet 590 moh
Ligg i/på Stjørdal, Nord-Trøndelag, Noreg
Koordinatar 63°31′33″N 10°53′23″EKoordinatar: 63°31′33″N 10°53′23″E

Forbordsfjellet (590 moh.) er eit av dei høgaste punkta i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag. Det er bilveg opp til toppen, og denne vert vedlikehalde ved hjelp av bompengar.

[endre] Historie

Namnet kjem frå grenda Forbord som ligg vest for fjellet, og namnet Forbord tyder visstnok «ved foten av fjellet». Dermed kan namnet Forbordsfjellet pussig nok omsetjast til «ved foten av fjellet-fjellet». Tusenårsmarkeringa i 2000 vart markert med eit gedigent fyrverkeri på toppen.

Forbordsfjellet til venstre på biletet

[endre] Bruk

Ved toppen er det òg plassert TV-antenner og radiosendarar, og alle signal til Stjørdal går innom Forbordsfjellet. Forbordsfjellet er òg godkjent for basehopp, noko det egnar seg fint til då det ikkje er nokre større fjell nedom sjølve Forbordsfjellet i sørleg retning. Mange turistar såvel som fastbuande kjem opp til toppen for å sjå på utsikten over Nedre Stjørdalen, Åsenfjorden og mot Trondheim.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Nord-Trøndelag å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk