Forbrukartvistutvalet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forbrukartvistutvalet, forkorta FTU, er eit domstolliknande forvaltningsorgan som avgjer tvistar i forbrukarsaker som gjeld kjøp av varer, handverkartenester og saker om angrerett. Handsaminga i Forbrukartvistutvalet er gratis, og utvalet sine avgjerder får rettskraft og tvangskraft dersom dei ikkje blir tatt inn for domstolane innan ein frist på fire veker etter at vedtaket er forkynt. Før ei sak kan avgjerast av Forbrukartvistutvalet, må den først ha vore til handsaming hos Forbrukarrådet. Forbrukarrådet si oppgåve er å mekle mellom partane for å få til ei løysing som begge kan leve med. Dersom ein ikkje oppnår semje, kan ein eller begge partar krevje at saka blir handsama og avgjort i Forbrukertvistutvalget. Både Forbrukarrådet og Forbrukartvistutvalet skal innta ei uhilda og nøytral haldning i handsaminga av sakene.

Utvalet fekk mykje publisitet i pressa då dei i 2004 slo fast at det gjaldt 5 års reklamasjonstid, og ikkje to år, for mobiltelefonar [1].

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. FTU:20040151 - Mobiltelefon Nokia 6210, arkivert frå originalen 6. januar 2007, henta 8. mars 2010