Forbundet Frie Fotografer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forbundet Frie Fotografer (FFF) er ein landsdekkjande kunstnarorganisasjon for biletkunstnarar som arbeider med fotobasert kunst. Forbundet vart oppretta i 1974, som resultat av eit behov for ein organisasjon for det aukande fotokunstnariske miljøet i Noreg på 1970-talet. Det har som målsetjing både å fremje stillinga til kunstfotografiet i Noreg og ivareta dei fagpolitiske interessene til fotokunstnarane.

FFF har forhandlingsrett med staten for vederlag og midla frå desse forhandlingane vert forvalta av Norsk Fotografisk Fond. Midla skal fordelast tilbake til dei som har rett på det, i form av stipend og stønader til verksemd som er i deira felles interesser. Dette dekkjer òg drift av FFF og stønad til Fotogalleriets utstillingsverksemd.

I tillegg til å ivareta dei politiske interessene til medlemene og tilhøvet til offentlege styresmakter, er FFF også ansvarleg for den årlege Fotografenes Stipendutstilling som er grunnlaget for å fordele dei statlege stipenda og garantiintekter retta mot det fotokunstnariske miljøet.

FFF tek opp medlemer etter eit poengutrekningssystem, der ein oppnår poeng på grunnlag av kunstnarisk utdanning og/eller kunstnarisk verksemd. Det er berre kunstnariske kriterium som vert lagt til grunn for medlemskap i FFF.

FFF vert drive for midlar løyvt av Norsk Fotografisk Fond og medlemsavgifter. FFF vert dagleg drive av ein fast administrasjon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]