Forbundet Internasjonalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logo

Forbundet Internasjonalen i Noreg (FIN) er ei gruppe av revolusjonære sosialistar som ønskjer å arbeide for ei samling av revolusjonære sosialistar internasjonalt med utgangspunkt i den Fjerde Internasjonale. Til 2002 gjekk FIN inn for at RV skulle verte eit samlande parti for revolusjonære i Noreg på eit internasjonalistisk, anti-stalinistisk og demokratisk grunnlag. Organisasjonen hadde med andre ord ikkje til siktemål å stille til val. I 2002 likestilte FIN arbeid i RV og SV, etter at fleire FIN-medlemmer gjekk over frå RV til SV.

Grupperinga vart stifta i 1999. FIN vart splitta i 2003, då ein fraksjon framleis ville likestille arbeid i dei to partia, medan ein annan ville prioritere arbeidet i SV, fordi dei meiner RV ikkje har teke eit skikkeleg oppgjer med stalinismen. Ei mindre gruppe heldt fram i FIN.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.