Forbundsdagsvalet 2005

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Forbundsdagsvalet 2005 var eit forbundsdagsval til den tyske forbundsdagen den 18. september 2005. På tysk språk vert valet omtala som Bundestagswahl 2005. Hovudmotstandarane var forbundskanslar Gerhard Schröder frå sosialdemokratane (SPD) og Angela Merkel frå Kristelegdemokratane (CDU).

Det var venta at venstresida ville få mindre oppslutnad enn ved sist val. Sosialdemokratane og dei grøne har hatt regjeringsmakt, og har slite med eit økonomisk tilbakeslag.

I samband med samarbeidet med det nye i hovudsak vest-tyske venstrepartiet WASG framfor parlamentsvalet hausten 2005, skifta sosialistpartiet PDS den 17. juli 2005 namn til Die Linkspartei, Venstrepartiet, med kortforma Die Linke. Bokstavane PDS kan brukast attåt av dei delstatsavdelingane som ønskjer det, i praksis dei nye forbundslanda i aust. Hovudkandidatane til venstre for sosialdemokratane er Oskar Lafontaine og Gregor Gysi

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Resultatet er berre førebels, av di valet i nokre valkrinsar vil skje fyrst i oktober. Valresultatet var ikkje så klar framgang for CDU som venta, og det er ikkje klart kven som vert forbundskanslar.

Parti Del av røystene +/- 2002 Mandat +/- 2002
  SPD 34,3 -4,2 222 -29
  Union
 CDU
 CSU
35,2
27,8
7,4
-3,3
-1,7
-1,6
225
179
46
-23
-11
-12
  Grüne 8,1 -0,5 51 -4
  FDP 9,8 +2,4 61 +14
  Linkspartei 8,7 +4,7 54 +52
  Andre 3,9 +0,9 - -
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Forbundsdagsvalet 2005