Forel-Rossi-skalaen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Forel-Rossi-skalaen eller Rossi-Forel-skalaen er ein skala som indikerer styrken til eit jordskjelv på same vis som Richsterskalaen som er meir vanleg. Skalaen var ein av dei første som indikerte styrken på jordskjelv og vart utvikla av Michele Stefano Conte de Rossi frå Italia og François-Alphonse Forel frå Sveits på 1800-talet. Han vart nytta i om lag to tiår før Mercalli-skalaen vart innført i 1902.

Systemet vert framleis nytta i somme land, mellom anna Filippinane.

1873-utgåva av skalaen hadde ti nivå:

  • I. Mikroseismisk sjokk. Registrert av ein enkel seismograf eller fleire seismografar av same modell, men ikkje av fleire forskjellige typar seismografar. Sjokket kan følast av ein erfaren observatør.
  • II. Ekstremt svakt sjokk. Registrert av fleire seismografar av forskjellig type. Enkelte personar i ro kan føle skjelvet.
  • III. Svært svakt sjokk. Følt av fleire personar i ro. Sterkt nok til at ein merke retninga eller lengda.
  • IV. Svakt sjokk. Følt av personar i rørsle. Forstyrringar på flyttbare lekamar, dører, vindauger, sprekker i taket.
  • V. Moderat styrke. Generelt følt av alle. Forstyrringa på møblar, kyrkjeklokker ringer.
  • VI. Forholdsvis kraftig sjokk. Folks om søv vert vekte. Kyrkjeklokker ringer. Lysekroner svingar, klokker stoppar, synleg rasling i tre og kratt. Enkelte skremde personar forlet husa sine.
  • VII. Kraftig sjokk. Flyttbare lekamar veltar, mørtel fell ned, kyrkjeklokker ringer. Generell panikk. Bygningar vert ikkje øydelagde.
  • VIII. Særs kraftig sjokk. Skorsteinar fell ned, sprekker i husveggar.
  • IX. Ekstremt kraftig sjokk. Somme bygningar vert heilt eller delvis øydelagde.
  • X. Sjokk av ekstremt intensitet. Stor katastrofe, ruinar, forstyrringar i berglag, sprekker i jordoverflata, steinar fell ned frå fjella.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]