Forelsking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Teikning av eit forelska par frå Danmark i 1872.

Forelsking er ei brå og medrivande kjensle av kjærleik. Med forelsking meiner ein gjerne romantisk tiltrekking mot ein annan person, men det kan også visa til meir platonisk vørdnad eller ein valdsam vennskap. I overført tyding kan ein også snakka om å forelska seg i idear, saker eller ting.

Forelsking kan frigjera hormonar i kroppen som skaper ein naturleg rus. Denne kan gje ei oppleving av intens lukke, om ein får vera saman med den ein er forelska i, eller ulukke om ein ikkje får vera det. Alle aldersgrupper kan bli forelska, men kjensla kan vera særs intens i puberteten. I det vestlege samfunnet på 1900- og 2000-talet er forelsking rekna som ei nødvendig drivkraft for å danna parforhold. I andre samfunn ser eller har ein sett på forelsking som farleg og nedbrytande for samfunnsordenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]