Forever in Blue Jeans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Forever in Blue Jeans
Singel av Neil Diamond
frå albumet You Don't Bring Me Flowers
B-side Remember Me
Utgjeve 1979
Sjanger Pop
Lengd 3:30
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) R. Bennett, N. Diamond
Produsent Bob Gaudio

«Forever in Blue Jeans» er ein song av Neil Diamond skriven i lag med gitaristen hans Richard Bennett. Den livlege songen vart gjeven ut som singel av Columbia i februar 1979, henta frå Diamond-albumet You Don't Bring Me Flowers som kom ut året før.

Songen nådde 20. plassen på Billboard Hot 100 og andreplassen på Easy Listening-lista i mars 1979.[1]

Songen har vorte nytta til å marknadsføre blå jeans, mellom anna med Will Ferrell som etterlikna Neil Diamond som syng for klesmerket Gap.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Plassering Liste
20 US Hot 100
2 US AC
16 UK
11 Canada

Kjelder[endre | endre wikiteksten]