Forkjøling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Forkjøling
Medisinsk namn: rhinitis acuta, febris catarrhalis
Man Flu.jpg
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-10-kode: J00
ICD-9-kode: 460
ICPC-2: R83

Forkjøling eller krim(sjuke) viser til smittsame, akutte overflatebetennelsar i dei øvre luftvegane, det vil seie nase, svelg, strupe og luftrøyr. Sjukdommen kan koma av ei rekkje ulike dropeborne virus. Vanlege symptom på forkjøling er sår hals, rennande nase, hoste, nysing og noko feber.

Det finst ingen medisinsk kur for forkjøling, men ein som er smitta blir som regel frisk på eiga hand. Det tek 1-2 døgn frå ein blir smitta til ein utviklar sjukdommen, og han varer som regel i 7-10 dagar, medan nokre symptom kan vara i opptil 3 veker. Irritasjonen i slimhinnene frå forkjølinga kan også gjera at ein blir meir mottakeleg for infeksjon, slik at forkjøling kan føra til andre sjukdommar.

Rhinovirus 16, eit av dei mange virusa som kan føra til forkjøling.

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Sjukdommen kan framkallast av fleire hundretals artar virus, dei fleste av dei rhinovirus (30-50%) eller coronavirus (10-15%). Desse blir overførte gjennom dropesmitte, særleg ved at ein som er smitta spreier mikroskopiske dropar gjennom tale, pust, hosting eller nysing, eller ved at virus blir overførte frå ei hand til slimhinnene etter at ein har teke på ein overflate, til dømes eit handkle, der det finst smitte.

Forkjølt barn med snott.

Virus kan halda seg svevande i lufta ei stund. Ved låg luftfukt er smittefaren større. Forkjøling er utbreidd i heile verda, men er vanlegast i tempererte område. Fleire blir sjuke om vinteren (utanfor tropisk område), noko som kan ha samanheng med at ein gjerne oppheld seg innandørs, nært andre folk, heller enn at ein frys i kulda.

Barn har større sjanse for å utvikla forkjøling, og blir i gjennomsnitt forkjølte 6-10 gonger i året. Vaksne har utvikla meir immunitet, og blir i gjennomsnitt forkjølte 2-3 gonger årleg.

Andre høve som gjev auka risiko for infeksjon er søvnmangel, med tre gonger så høg sjanse for sjukdom i personar som får mindre enn sju timars søvn kvar natt samanlikna med dei som får åtte timar; og mangel på D-vitamin. Røyking medfører at sjukdommen varer i gjennomsnitt tre dagar lenger enn normalt. Hyppig handvask og å unngå å ta nær slimhinnene kan redusera risikoen for å bli sjuk.

Nys er vanlege under ei forkjøling.

Symptom[endre | endre wikiteksten]

Symptom kan vera sårheit i nase, hals og svelg, hovudverk, tett nase og snott, hoste, nysing, hesheit og noko feber. Ein kan også oppleva rennande auge, muskelsmerte, skjelving, mangel på appetitt og trøyttleik. Mange av symptoma er dei same som ved influensa, men dei er då noko verre.

Forkjøling fører gjerne først til faryngitt, infeksjon av dei øvre luftvegane, som kan kjennast såre. Ein kan kjenna trong til å nysa og få rennande snott. Sekretet blir først tynnare, og etter nokre dagar tjukkare og mindre klart. Feber er ikkje så vanleg i vaksne som er forkjølte, men er meir vanleg hjå barn.

Sjukdomsforløp[endre | endre wikiteksten]

Rundt 25 % av dei som blir smitta med forkjølingsvirus utviklar ikkje sjukdom. Dei andre 75 % kan oppleva symptom allereie 10 timar etter smitte, men vanlegvis merkar ein først forkjølinga etter 2-5 dagar.

Den vanlegaste smittevegen for forkjølingsvirus er gjennom nasen, men det kan også koma inn gjennom augo. Ein blir vanlegvis smitta av forkjøling gjennom å pusta inn areosol med virus frå ein som allereie er forkjølt, eller ved å overføra smitte til slimhinnene ved hjelp av hendene. Viruset fester seg til ein reseptor, ICAM-1, utanpå cellene i nasesvelget. Ved hjelp av reseptoren kjem dei inn i cellene og startar infeksjonen.

Immunsystemet reagerer på infeksjonen med ei rekkje tiltak, som fører til sjukdomssymptom. Kvite blodceller kalla makrofagar gjer at det blir danna cytokin og hormon, som fører til mange av forkjølingssymptoma. Andre kvite blodceller øydelegg virusa og infiserte celler, medan det blir danna antistoff som hindrar viruset i å infisera nye celler.

Plakat som åtvarer mot lungebetennelse som følgje av forkjøling.

Ved god allmenntilstand vil ein som regel bli frisk etter nokre dagar. Ei mild forkjøling kan vera over etter 2-3 dagar, medan ei sterkare kan vara opptil to veker.

Følgjer[endre | endre wikiteksten]

Somme tider kan forkjøling føra til infeksjonar i strupen, luftrøyret, bronkiane, biholene og mellomøyret. Her kan bakteriar infisera dei irriterte områda og føra til ny sjukdom. Forkjølinga kan også føra til at sovande Herpes simplex-virus blir aktivert, slik at ein får forkjølingssår.

Forkjøling kan også gjera sjukdommar ein allereie har i luftvegane verre. Dette gjeld til dømes astma, kronisk bronkitt og kronisk øyrebetennelse.

Det finst ei rekkje middel ein kan ta for å lindra forkjøling.

Behandling og smitteforhindring[endre | endre wikiteksten]

Det finst ikkje noko legemiddel som kurerer forkjøling, men det finst ei rekkje middel som svekker symptoma, til dømes nasedropar eller -spray, hostesaft, halstablettar og smertestillande eller betennelsesdempande middel.

Det kan vera nyttig å kvila medan ein er forkjølt. Ein kan hindra smittespreiing ved å unngå nærkontakt med andre medan ein er sjuk. Andre måtar ein kan prøva å ikkje smitta på er ved å redusera hoste, nysing og snott gjennom legemiddel, hosta og nysa inn i lommetørkle, eller ved å bruka munnbind.

Vanlege kjerringråd mot forkjøling er å ta til seg mykje C-vitamin, varm drikke eller alkohol. Desse har ikkje noka verknad på sjukdommen, men kan kanskje gjera at ein kjenner seg betre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Forkjøling