Forlidas Pond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 82°27′S 51°21′W
Forlidas Pond
innsjø
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Queen Elizabeth Land
 - koordinatar 82°27′S 51°21′W
Administrert under Antarktistraktaten
Forlidas Pond is located in Antarktis
Forlidas Pond (Antarktis)

Forlidas Pond er eit rundt, isdekt tjern med ein diameter på 100 meter som ligg i ein morenedal aust for nordenden av Forlidas Ridge i Dufek Massif i Antarktis. Han er det einaste tjernet nord i Pensacolafjella og er av stor interesse for biologar. Tjernet vart oppdaga og kort undersøkt i desember 1957 av ei gruppe frå USA under Det internasjonale geofysiske året frå Ellsworth-basen. Namnet vart gjeve i samband med Forlidas Ridge og vart foreslått av Arthur B. Ford frå US Geological Survey etter geologisk arbeid i området, 1978–79.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Forlidas Pond» (innhald frå Geographic Names Information System).